JAMN KAMP: Trass i stort sprik i erfaringa til dei to kjemparane vart det ein jamn kamp. Rhassan Muhareb (t.v.) vann til slutt over Tiago Mendes (midt) på poeng.
JAMN KAMP: Trass i stort sprik i erfaringa til dei to kjemparane vart det ein jamn kamp. Rhassan Muhareb (t.v.) vann til slutt over Tiago Mendes (midt) på poeng. (Foto: Privat)

"Amatør" frå Sogndal hevda seg mot verdsmeister

Sogndal: – Det var utruleg moro å kjempa mot Rhassan. Han var kjempedyktig, seier Mendes.

Han sit på ein togstasjon på veg attende til Sogndal etter laurdagens kamp.

Då kjemparen som eigentleg skulle møta Rhassan Muhareb vart skada, sa Mendes seg villig til å ta kampen. Då hadde han berre ei veke å førebu seg på.

– Eg er alltid klar til å ta ein kamp, og det synte eg i helga, seier Mendes.

Hevda seg trass erfaringsmangel

Tiago Mendes er ikkje nokon amatør innan MMA, men har betydeleg færre kampar under beltet enn Muhareb. Mendes hadde tjue før laurdagens konkurranse, medan Muhareb hadde kring 170. I tillegg til dette er han fleire gangar verdsmeister i idretten.

– Det var faktisk ein veldig jamn kamp. Eg er stolt over at eg greidde å halde ut fleire rundar med han, seier Mendes.

Manager og trenar Jørgen Pedersen meiner det var dei siste tjue sekunda av kampen som avgjorde og førte til at Muhareb vann på poeng.

Inga kvile for dei kjempande

– Heldigvis vart ingen av oss skada under kampen, so no er eg klar for norgesmeisterskap neste helg, seier Mendes.

– Det går unna for deg, ja?

– Ja, det gjer det. Det var faktisk ein promoter (ein som fremjar kjemparar og arrangerar kampar red.anm.) som såg meg og inviterte meg til Stockholm. So no skal eg dit i mai.

Mendes fortel at han prøver å halda seg i form heile tida og trenar to gongar dagleg. Slik er han klar for å ta kampar på kort varsel.

– Det at eg berre fekk ei veke før kampen i Danmark gjekk fint. Eg var i toppform likevel, det var Muhareb si erfaring som vart avgjerande, seier Mendes.

Mendes vart ikkje skada, men har noko smerte i eine foten. Han skal ta to dagar fri før han byrjar trene til NM neste helg.

Til toppen