FORANDRING: Sjølv om eldrebølgja er på veg, ønskjer ikkje ordførar Jan Geir Solheim å vri satsinga frå unge til eldre. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 
FORANDRING: Sjølv om eldrebølgja er på veg, ønskjer ikkje ordførar Jan Geir Solheim å vri satsinga frå unge til eldre. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

Ambisjonar om å vere trygg, aktiv og skapande 

Samfunnsdelen av den kommunale planen til Lærdal vert no lagt ut på høyring. 

Lærdal: Samfunnsdelen syner utfordringane til kommunen framover og korleis ein kan prioritere for å få til god planlegging.

Planen vert laga for å sikre heilskapleg planlegging på tvers av sektorane i kommunen. 

Formannskapet i Lærdal kom med fleire innspel om forandringar og rettingar til samfunnsdelen før den vert lagt ut på offentleg høyring under torsdagens formannskapsmøte. 

Endring i folketalet

Lærdal har hatt ein negativ folketalsutvikling i perioden 2000 til 2016, med ei årleg gjennomsnittleg nedgang på om lag 2 personar tilsvarande ein nedgang på 1,4 %. Tala som er brukt er henta frå Statistisk sentralbyrå. 

Prognosen som er brukt i rapporten syner at Lærdal kommune vil ha ein befolkningsnedgang på 11 personar frå 2015 til 2040. Dette er ein reduksjon på om lag 5 %. 

– I planane står det at me skal vera eit trygt, aktivt og skapande samfunn. Desse tala samsvarar dårleg med at me skal vri satsinga frå unge til eldre. Her er det eit misforhold på 151 innbyggjarar i Lærdal. Då er me ikkje trygge, aktive og skapande. Eg vil gjera mitt for å motvirke alle dei negative prognosane, sa ordførar Jan Geir Solheim då formannskapet behandle samfunnsdelen under førre møte. 

Han meiner det ikkje er samsvar mellom planane til Lærdal kommune og tal frå SSB. 

– Eg har ikkje problem med vriding frå resussar frå unge til eldre. Barnetale går ned og eldrebølgja er på veg, sa Kåre Mentz Lysne (Ap). 

Det er to demografiske hovudutfordringar i kommunen. Den eine er ein auke i aldersgruppa +67 år som er på om lag 55 prosent . I tillegg kjem dety til å vere ein nedgang i folketalet i aldersgruppa 16 - 66 år på omlag 20 prosent. 

Kommunen ønskjer difor å auke tilflyttinga og planleggje korleis ein skal innrette eldreomsorga i framtida.

Trygt vegsystem

Tryggleik er eit av verdigrunnlaga til Lærdal kommune i samfunnsdelen av kommunalplanen. Her handlar det om å tilfredsstille innbyggjarane sine krav og forventningar på ein god måte.

Når dette forholdet ikkje samsvarar, vil kommunen ha behov for å kartleggje manglar, betre formidlingsevna og gjennomføre ei forventningsavklaring til innbyggarane sine. Kvalitet er ein nøkkelfaktor for tryggleik, og for trivsel. 

Kommunen arbeider for:

  • God mobil- og breibandsdekning i heile kommunen.
  • Vegsystemet er trygt å ferdast på for alle trafikantar. 
  • Styrke det kollektive busstilbodet lokalt og regionalt.
  • Etablere hurtigladestasjon for el-bil i kommunen.

Skal vere synlege

Det å drive Lærdal kommune aktivt framover, er ein føresetnad for å lukkast i samfunnsutviklinga, heiter det i samfunnsdelen. 

Dette heng saman med det å vere ein pådrivar i samfunnet, som igjen skal gje innbyggjarane ein attraktiv og trygg plass å vere.

Ein viktig del av å vere aktiv, handlar om folkehelse, og ein anna viktig faktor er å vere synleg, og å hjelpe til der det trengst for innbyggjarane. 

Kommunen arbeider for:

  • Samarbeide med næringsliv og frivillige lag- og organisasjonar for å styrke eksisterande, og skape nye møteplassar.
  •  Halde på og utvikle kulturskuletilbodet som ein viktig ressurs for born og unge.
  • Trivselstiltak, ved å støtte eldsjeler og frivillige organisasjonar. 
  • Ivareta og utvikle ukommersielle møteplassar.
  •  Samarbeid med frivillige som arrangerer festivalar og så vidare i kommunen.

Satsar på skaparkraft

Skaparkrafta i Lærdal skal fremjast og satsast på. Ein løfte fram Lærdal som kreativ, både når det gjeld arbeidsplassutvikling og folkehelseutvikling.

Lærdal skal satse på sine fortrinn, og utvikle desse til å forsterke identiteten. 

Kommunen arbeider for:

  • Utvikle næringar knytt til Lærdal sit fortinn som knutepunkt i regionen.
  •  Utvikle næringar der Lærdal har kompetansefortrinn. Døme er helse, reiseliv, landbruk og samferdsel/logistikk.
  •  Kommunen skal vere ein god ambassadør for næringslivet, og kvalitetane dei sit på.
  • Laupande gjensidig kontakt med bedrifter om areal- og kompetansebehov.
  •  Kommunen vil i samarbeid med næringslivet stimulere til innovasjon og gründerskap.
  • Oppretthalde omdømet og kvalitetsstempelet som eit berekraftig reisemål. 
Til toppen