MANGLAR: Hovudtillitsvalde i Hyllestad meiner utgreiingane til Helse Førde kring konsekvensar av å leggje ned ambulansen i Lavik er mangelfulle. Biletet er frå ein demonstrasjon mot nedlegginga av ambulansen i desember 2019.
MANGLAR: Hovudtillitsvalde i Hyllestad meiner utgreiingane til Helse Førde kring konsekvensar av å leggje ned ambulansen i Lavik er mangelfulle. Biletet er frå ein demonstrasjon mot nedlegginga av ambulansen i desember 2019. (Foto: Kristian Lund Solheim)

MEININGAR

Ambulansestruktur: «Kva er eit menneskeliv i distrikta verdt?»

– Ei nedlegging av ambulansen i Lavik vil føre til både auka risiko og belastning for dei tilsette i ambulansetenesta og dårlegare beredskap for innbyggarane i distriktet. Det er ingen som har noko å tene på dette, skriv fleire hovudtillitsvalde i Hyllestad i innlegget.

  • Meiningar:
    Dette er eit meiningsinnlegg. Det gir uttrykk for meiningane og haldningane til innsendaren. Har du lyst å skrive meiningsinnlegg i Porten.no? Klikk her.

Ambulansestruktur og nedlegging av ambulansen i Lavik står på dagsorden for Helse Førde. Er målet om å spare pengar viktigare enn å spare liv? Helse Førde sin Prehospital plan med vedlegg skal overbevise oss at menneska som bur og forvaltar samfunnet sine ressursar ute i distrikta klarar seg utan døgnbemanna ambulanse. Lavik-ambulansen har kontinuerleg vore forsøkt nedlagt siste 20 åra, men kvar gong har ein konkludert med at den må bevarast. Kva har endra seg? 

Arbeidsgruppe med representantar frå nokre av dei berørte kommunane, fleire representantar frå Helse Førde, samt to representantar frå dei tilsette skal gå gjennom data i Prehospital plan og komme fram til ei tilråding til styret i Helse Førde om ambulansestrukturen.

Datagrunnlaget denne avgjersla skal feste si lit til er mangelfullt. Det er ikkje lagt fram korrekte data eller tal i det heile på blant anna flåtestyring, samtidskonfliktar eller responstider for primær- og sekundærstasjonar ved ei nedlegging av ambulansen i Lavik. Kva truverdigheit har då arbeidsgruppa si tilråding?

Kvar går smertegrensa for akseptabel responstid?

Primærstasjon for innbyggjarane i Hyllestad per i dag er ambulansen i Lavik, ambulansen i Fjaler er sekundærstasjon. Omorganisering av vaktberedskap i Lavik har ført til reduksjon i responstida, noko som medfører at responstider frå ambulansen i Lavik til Hyllestad er redusert i forhold til i 2018 som data er henta frå. Dette medfører følgeleg at differansen mellom responstid frå Lavik og Fjaler er større no enn den var i 2018.

Med Fjaler som primærstasjon vil innbyggjarane i Hyllestad i snitt få responstid på 43 minutt. Responstid vil auke frå eventuell sekundærstasjon ved nedlegging av ambulansen i Lavik. Det er ikkje definert sekundærstasjon eller lagt fram utrekning

Kvar går smertegrensa for akseptabel responstid? Kva er eit menneskeliv i distrikta verdt?

på responstider frå sekundærstasjon ved ei nedlegging av ambulansen i Lavik! Kvar går smertegrensa for akseptabel responstid? Kva er eit menneskeliv i distrikta verdt?

Samtidskonflikt vert av Helse Førde definert som ”bruk av sekundærstasjon på akutt oppdrag utan ledig primærressurs der det er meir enn 25 minutt til første ledige ambulanse er på plass”. Helse Førde sine data frå 2018 viser 8 samtidskonfliktar i fylket. Kor er desse tala henta frå? Statistikk syner at Fjaler som sekundærstasjon i 2018 hadde 10 akuttoppdrag til Hyllestad kommune, der desse oppdraga hadde mellom 43 og 54 minutt responstid. Fjaler hadde i 2018 òg 6 akuttoppdrag til ambulansen i Høyanger sitt primærområde, med responstider på mellom 26 og 60 minutt. 

Einaste beredskapspunkt mellom Knarvik og Førde

Ambulansestrukturen er i dag prega av flåtestyring, noko som fører til at tenestene i distrikta opplever lengre responstid ved tilkalling og uttrykking. Ut frå opplevde responstider tenkjer vi at det å gi akseptabel dekning ved hjelp av flåtestyring allereie tidvis kan vere krevande for AMK.

Utfordringane vert ikkje redusert med ein ambulanse mindre. Prehospital plan har lite og ingen data på flåtestyring, t.d. i kva grad det vert nytta og vil bli nytta, til kvar og varigheit på oppdraga. Personell på ambulansen har ikkje tilgang til toalett eller pauserom ved flåtestyring. Nedlegging av ambulansar fører til auka grad av flåtestyring. Kvifor er ikkje dette tatt med i vurderingane?

Ambulansen i Lavik vert flåtestyrt mot Fjaler og Høyanger, men dette viser ikkje att i statistikken som særskilte oppdrag. Grad av flåtestyring er interessant, for det viser reell

Ambulansen i Lavik er einaste beredskapspunkt på E39 mellom Knarvik og Førde.

dekningsgrad i området ambulansen i Lavik vert flytta til. Mest interessant vert grad av flåtestyring mot Fjaler. Utan denne flåtestyringa vert Hyllestad svært dårleg dekka. Dersom ambulansen i Lavik vert lagt ned, kven skal då flåtestyrast til det aktuelle området, og kvar skal dei stå? 

Utrekna responstider for områder i Lavik ved nedlegging er ikkje oppgitt, heller ikkje kva ambulansestasjon som skal dekke området. Ambulansen i Lavik er einaste beredskapspunkt på E39 mellom Knarvik og Førde. Tidlegare styrevedtak seier at ein skal sikre kapasiteten der folk bur og ferdast. Utan døgnbemanna ambulanse i Lavik, korleis vert dette sikra?

Større ulukkesrisiko

Helse Førde foreslår å stasjonere ein av to ambulansar i Fjaler til Leirvik på dagtid, men i dette tidsrommet tek Hyllestad legekontor seg av akuttoppdrag. Innbyggjarane i Hyllestad vil ha mest nytteverdi av ei stasjonering av den eine Fjaler-ambulansen i Leirvik på kveld, natt og helg.

Nærleik til E39, samt at Lavik legekontor i beste fall har bemanning to dagar i veka, er to viktige grunnar til at akuttilbodet bør vidareførast med lokalitet Lavik og bli prioritert styrka der! I juli 2019 var det på det meste 2 880 bilar per døgn som passerte E39 Bogstunnellen (vegvesen.no). Statens vegvesen sin statistikk frå 2014-2019 viser at det

Korleis kan kapasiteten der folk ferdast langs E39 vere sikra ved nedlegging av Lavik-ambulansen? 

er tydeleg auke i trafikken langs E39, særskilt tungtransport. Korleis kan kapasiteten der folk ferdast langs E39 vere sikra ved nedlegging av Lavik-ambulansen? 

Ved utrykkingskøyring aukar ulykkesrisikoen. Nedlegging av stasjonar fører til auka responstid og difor større ulykkesrisiko for ambulansepersonell. Dette blir ikkje nemnd i Prehospital plan. Kapasiteten til luftambulansen er i liten grad vurdert. Det manglar statistikk på i kva grad helikopter kan og vil kunne nyttast, med tanke på påkrevd kviletid og ikkje minst vêrforhold. Tal på oppdrag per i dag eller forventa oppdrag ligg heller ikkje føre.

Ulempene lite kartlagt

Ambulansestasjonen i Lavik er bemanna med fagpersonell, og med eit godt og stabilt fagmiljø over lang tid. Nedlegging av stasjonen øydelegg dette fagmiljøet på fleire område, både innad på stasjonen og ute i kommunane. Korleis vil ei eventuell nedlegging påverke arbeidskvardagen til kollegaer, internt i kommunen og eksternt knytt til ambulansetenesta og AMK? Prehospital plan legg i hovudsak vekt på fordelane ved nedlegginga, ulempene er lite kartlagt. Personell på legevaktsatelitt i Hyllestad har regelmessige treningar med ambulansen i Lavik, dette kvalitetssikrar arbeidet i fleire

Dei frivillige kan ikkje erstatte ein døgnbemanna ambulanse. Kven kan definere dette som auka tryggleik til innbyggjarane?

ledd. Vil Fjaler-ambulansen, som får auka oppdragsmengd og skal dekke tre kommunar, ha same kapasitet til samtrening både internt på stasjon og eksternt med helsepersonell i kommunane?

Ved nedlegging av ambulansen i Lavik seier Helse Førde at auka bruk av ekstern samhandling og frivillig akutthjelparordning vil gje auka nærleik og tryggleik til innbyggjarane i distriktet. Kven er desse frivillige akutthjelparane, som med kritisk sjuke pasientar må vente dobbelt så lenge på profesjonell hjelp? Dei frivillige kan ikkje erstatte ein døgnbemanna ambulanse. Kven kan definere dette som auka tryggleik til innbyggjarane?

Ingen svar

Tillitsvalde har i oktober og november spelt inn ei mengde spørsmål  knytt til framlagt data til Helse Førde via Hyllestad kommune sin representant i arbeidsgruppa. No er vi komne til januar, utan eitt einaste svar på eitt einaste spørsmål. 

Vi vil stille spørsmål ved om Helse Førde sitt mål om å spare pengar ved å legge ned ambulansen i Lavik er foreineleg med helsevesenet sitt kanskje fremste samfunnsoppdrag, det å spare liv. Ei nedlegging av ambulansen i Lavik vil føre til både auka risiko og belastning for dei tilsette i ambulansetenesta og dårlegare beredskap for innbyggarane i distriktet. Det er ingen som har noko å tene på dette.

Med tanke på kjent datagrunnlag, korleis kan då arbeidsgruppa skrive ei anna truverdig tilråding enn å behalde døgnbemanna ambulanse i Lavik? Samfunnet vi alle er ein del av vil at ein skal nytte ressursane som ein berre finn langs fjorden, kysten og fjellet. Då må ein kunne leve, bu og ferdast trygt i distriktet. Då må ein ha ein tilstrekkeleg akuttberedskap. Såpass må vel eit menneskeliv i distrikta vere verdt?

Kaja Bruaas, HTV Delta Hyllestad
Moussa el Haddad, HTV Legeforeningen Hyllestad
Tanja Aven, HTV Norsk Sykepleierforbund Hyllestad
Hildur Akse, HTV Fagforbundet Hyllestad
Bjørnar Kristiansen, HTV Utdanningsforbundet Hyllestad
Aina Brendsdal Forthun, HTV Fellesorganisasjonen Hyllestad 

Til toppen