KJENDE MED AVISA: – Me kjenner Sogn Avis godt og er trygge på at me som nye eigarar kan bidra substansielt til vidare utvikling av ei viktig lokalavis., seier konsernleiar i Amedia, Are Stokstad.
KJENDE MED AVISA: – Me kjenner Sogn Avis godt og er trygge på at me som nye eigarar kan bidra substansielt til vidare utvikling av ei viktig lokalavis., seier konsernleiar i Amedia, Are Stokstad. (Foto: www.twang.no)

Amedia kjøper Sogn Avis

Amedia blir ny eigar av Sogn Avis.

Sogn: – Det er rett for den vidare utviklinga at Sogn Avis blir ein del av eit større fellesskap, og me er glade for at Amedia no tek over. Avisa treng den spisskompetansen Amedia har på digitalisering og utvikling av lokalaviser, seier Ingvald Husabø, som er dagens hovudeigar i avisa med 81,5 prosent av aksjane til Sogn Avis.

Amedia eig mykje av landets lokalpresse. Blant anna Firda og Firdaposten. Foto: Amedia

Amedia skal ha inngått avtale med Husabø Invest as og Per Jarle Lunde om å overta deira samla eigardel på 89,5 prosent i avisa. Transaksjonen omfattar også 40 prosent av aksjane i Ytre Sogn Avis.

–  Dei betydelege investeringane Amedia har gjort for å skreddarsy digitale løysingar for lokalaviser vil Sogn Avis no dra nytte av både redaksjonelt og kommersielt, seier konsernsjef i Amedia Are Stokstad til Sogn Avis.

Amedia eig frå før Firda og Firdaposten i Sogn og Fjordane.

Les òg: Sogn Avis vil digitalisera arkiv tilbake til 1878 

Til toppen