HURTIGMAT: Butikksjef Joakim Lærum, dagleg leiar Endre Holme og driftsleiar Brede Nymark er klare til storinnrykk av svoltne sogndøler.
HURTIGMAT: Butikksjef Joakim Lærum, dagleg leiar Endre Holme og driftsleiar Brede Nymark er klare til storinnrykk av svoltne sogndøler. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Amerikansk hurtigmatkjede til Sogndal med tre lokale entreprenørar bak roret

Dei har rundt 45.000 restaurantar i over 100 land. No etablerer sandwichgiganten seg i saftbygda.

Sogndal: Sandwichkjeda SUBWAY flyttar inn i AMFI Sogningen. Berre bordplatene står att, så er dei klare for opning.

– Både vi og SUBWAY Norge jobbar hardt for at vi skal klara å opna til fredag, seier Endre Holme, styreleiar i selskapet og mannen bak idèen om å få ei storkjede til bygda.

– Eg fann ut at Sogndal trengte noko slikt, seier Holme.

For halvanna år sidan byrja han å jobbe målretta for å realisere draumen. Sidan har han fått med seg Joakim Lærum som butikksjef og Brede Nymark som driftsleiar.

No er det berre oppløpssida att.

– Det har vore mykje hard jobbing i det siste og eg ser veldig fram til at me kan skru om nøkkelen på gitteret første dagen, seier Lærum.

– Me må eigentleg berre køyra på frå dag ein og gjera det me kan for at folk blir nøgde.

Senterleiar Wilhelm Tangerud er imponert over kva den unge trioen har fått til.

– Det er tre spreke unge karar som forhandlar med ei svær amerikansk kjede og som tør å satse. SUBWAY blir ei fantastisk tilvekst til senteret og eit sunt alternativ til McDonalds og Burger King, seier Tangerud.

– Eg får spørsmål kvar dag om når dei opnar, så der blir det sjukt mange innom første dagen, spår han.

Til toppen