SOLO: Rockestjerna Jeff Porter med intimkonsert på Kolonialen i Skjolden.
SOLO: Rockestjerna Jeff Porter med intimkonsert på Kolonialen i Skjolden. (Foto: Linda Watten)

Amerikansk rockestjerne hadde eksklusiv konsert på Skjolden: – Eg elskar Noreg

Jeff Porter er gitarist i det amerikanske bandet "The Rainmakers" og har nyleg vitja Kolonialen på Skjolden.

Skjolden: – Eg berre elskar å koma til Noreg. Her har eg fått mange gode vener så eg er ikkje her berre på grunn av musikken men og fordi eg har så mange genuint gode vener her. De har eit fantastisk land. 

Blei med i bandet i 2011

Bandet "The Rainmakers" starta opp i 1986, men Porter har ikkje vore med frå byrjinga. 

– For 15 år sidan ringde vokalisten i bandet meg og spurde om eg ville lage musikk. Me reiste til Noreg på turné fordi The Rainmakers var store her. Etter me hadde spelt låtane våre spelte me noko frå bandet og folk tok heilt av. Då forstod me at bandet fortsatt var populært i Noreg, og han inviterte meg med til å starte opp att bandet. 

Med ny plate reiste han og bandet på turné i Noreg og gjorde stor suksess. 

– Me er vener av Noreg. Eg elskar landet, og Skjolden er ein av dei aller vakraste stadene eg nokon sinne har vitja. 

Introdusert for Skjolden av kompis

Det er kompisen Bjørn Hauge på Skjolden som har teke intiativ til at rockestjerna skal koma på eksklusiv konsert. 

– Bjørn og eg møttest då han dreiv ein platebutikk i Oslo. Han inviterte meg til å spele på Vassbakken Kro og Camping her, før eg no i seinare tid har kome tilbake for å spele meir musikk for Skjoldingane. 

GODE VENER: Jeff Porter med venene Lill Jeanette Halbakken og Bjørn Hauge. Foto: Linda Watten

Hauge driv i dag Kolonialen på Skjolden saman med kona Lill Jeanette Halbakken. Kolonialen er kafé, systove og platebutikk i eit og same lokale. 

– Eg tykkjer det er flott at han tek turen hit til Kolonialen og vender attende gong på gong. Det er ei stor æra å få ha han her, seier Hauge. 

Sjølv er han over gjennomsnittet glad og interessert i musikk. 

Ynskjer at musikken skal bety noko for folk

For Porter er det viktig at folk opplever musikken hans som meinignsfull. 

– Eg likar å gjere folk glad med musikken min og dei låtane eg skriv. Eg håpar at tekstane mine betyr noko for dei som lyttar. Når nokon fortel meg at låten min betyr noko for dei så kjenner eg meg like stor som universet, seier han. 

Planen til Porter og The Rainmakers var å spela på festivalen Norwegian Wood men då den blei avlyst måtte han endre planane sine. 

– Det var dumt, men då gjer eg andre ting. Eg skal vera i landet i ein månad no før eg reiser heim til USA. Men akkurat no skal eg spela for Skjolden og håpa at dei som høyrer på har det fint. Det er det viktigaste for meg no. 

Til toppen