ALVORLEG: At CWD har brote ut på akkurat reinsdyr som lever i flokk kan vera spesielt alvorleg i høve omfanget av sjukdommen. Illustrasjonsfoto
ALVORLEG: At CWD har brote ut på akkurat reinsdyr som lever i flokk kan vera spesielt alvorleg i høve omfanget av sjukdommen. Illustrasjonsfoto (Foto: Arkiv)

Amerikanske forskarar: Bekymra over CWD-utbrotet

Den dødelege sjukdommen som er funne på ei reinssimle i Lærdal har eksistert i USA i mange år. At utbrotet skjer på akkurat rein, kan vera spesielt alvorleg, seier amerikansk forskar.

– CWD har ikkje oppstått i reinbestandane våre. Men me har vore svært opptekne av denne moglegheita fordi CWD kan overførast mellom dyr som har tett kontakt. Så me vil tru flokkdyr som rein kan vera spesielt utsette for store CWD-utbrot, fortel Michael D. Samuel, professor i dyreliv og økologi.

CWD vart første gong oppdaga i USA i Colorado i 1967. Sidan har dei hatt utbrot på ulike typar amerikanske hjortar, samt elg. Det er i dei nordre delene av det midtre USA og søre delene av det midtre Canada CWD er utbreidd på det nordamerikanske kontinentet.

– Veldig bekymra for funna av CWD i Noreg

Sjukdommen angrip hjernen - det er eit naturleg førekomande protein som blir unaturleg omdanna og etter kvart utviklar seg så hjernevevet får ein svampstruktur. Dette fører til avmagring, unormal oppførsel, ukoordinerte rørsler, tap av kroppsfunksjonar og til slutt død. 

Michael D. Samuel leier ei eiga forskargruppe som jobbar med å tileigne ei større forståing av CWD. Gruppa held til ved Institutt for Skog og økologi innan dyreliv i Wisconsin.  Han fortel utbrotet i Noreg - først på ei reinssimle i Nordfjella i Lærdal, deretter på to elgar i Trøndelag - har fanga merksemda deira

– Me har alle vore veldig bekymra for funna av CWD i Noreg - både i høve kva det betyr for hjortedyra, og korleis sjukdommen kom til dykk.

– Kva veit ein om opphavet til sjukdommen i USA?

– Me kjenner ikkje opphavet til sjukdommen, men det har vore spekulert i om den kom fra skrapesjuke på sau. Det kan synast særskild relevant for dykkar situasjon i Noreg.

– Låg risiko for at husdyr blir infiserte

CWD og skrapesjuke er ikkje det same og CWD har aldri vorte påvist overført frå ville hjortedyr til husdyr. Dei er likevel beslekta sjukdommar, og Samuel utelukkar ikkje at den kan overførast mellom hjortedyr og sau.

– Studier av hjerneinokulasjon (immunisering, red.anm.) har synt at nokre husdyr potensielt kan bli infiserte av CWD, men risikoen synest heller låg. Sau vil i så fall truleg ikkje få akkurat CWD - om ein sau fekk ein infeksjon av CWD frå ein vill hjort ville det truleg sjå meir ut som skrapesjuke. Men igjen er det berre ein moglegheit - det er aldri påvist. "Voles" (gnagar som er i slekt med mus, red.anm.) har vist seg å vera mottakelege for CWD. Elles veit me svært lite om det finst andre mottakelege artar.

Det han likevel kan seia er at dei trur overføring av sjukdommen mellom individ heller skjer gjennom at individ blir eksponert for til dømes avføring, urin og spytt frå kvarandre enn gjennom dyrekontakt:

– CWD ser ut til å vera i stand til å kryssa mellom dei ulike artane av hjortedyr - altså elg og ulike typar hjort hjå oss. Det verkar usannsynleg at sjukdommen kryssar mellom artar basert på dyrekontakt, men meir sannsynleg basert på eksponering for til dømes avføring, urin og spytt i områder der dyra beiter saman.

Forbod mot fôring og bruk av saltstein

– Det blir nytta saltstein og fôringsplassar her i våre områder - korleis forheld de dykk til slikt?

– Fôring og bruk av saltstein er vanlegvis forbode i områder med CWD. Slike situasjonar konsentrerer dyr unaturleg. Det skapar både tettare kontakt individa mellom og områder der CWD kan deponerast i miljøet og bli fortært av andre dyr - begge situasjonar vil auka potensialet for CWD-overføring.

Samuel opplyser vidare at retningslinjene når det gjeld handsaming av kjøt er dei same i USA og Canada som no kjem til å bli gjeldande i Noreg; blir det påvist CWD-smitte på ein rein eller hjort felt under jakt skal kjøtet kasserast - sjølv om CWD altså aldri er påvist overførd til mennesker.

Vidare fortel han om tilnærminga i Nord-Amerika når CWD blir oppdaga: Først vurderer dei omfanget og utstrekninga av sjukdommen ved å evaluera funna frå jakta og testing av trafikkdrepne dyr.

– Om ein oppdagar sjukdommen veldig tidleg, det er eit lite omfang i tal infiserte individ over eit avgrensa område har nokre regionar lukkast ved å bruka eit aggresivt program for å fjerna sjukdommen. Altså; får ein "fanga" sjukdommen tidleg nok ser det ut til å vera gode molegheiter for å utrydda den før den aukar. Etter kvart blir det mykje vanskelegare å kontrollera sjukdommen. Eg trur det er viktig at ein i Noreg klarar å fastslå smittekjelda, seier Samuel.

Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) har prøvd å finna smittekjelda, men ikkje lukkast.

– Betre om utbrota er separate

– Det er utbrudd av CWD i to områder i Noreg svært langt frå kvarandre - her i Sogn og i Trøndelag. Ville det være rimelig å tru at CWD har eksistert ei stund og spreidd seg over det meste av Noreg på eit lågt nivå utan at det er oppdaga? Eller er det meir sannsynleg at desse utbrota har ulike smittekjelder? Eventuelt kan den spreia seg svært raskt over ein slik avstand?

– Det blir nesten umogleg å seia kven av desse som er rett. Men om sjukdommen har spreidd seg over heile dette store området er det sannsynleg at prosessen tok ganske lang tid. I så fall vil eg forventa omfanget - antal smitta dyr - til å vera mykje høgare enn om dette er separate utbrot som blei oppdaga tidleg i utbrotet. Så eg ville ha håpa på det siste - for dersom sjukdommen har spreidd seg over eit så stort området vil den vera svært utfordrande å kontrollera.

– Korleis vil du vurdera situasjonen med CWD-utbrota i Noreg utifrå det du veit?

– Eg trur det er for tidleg å spekulera rundt den noverande situasjonen. Det er viktig med tolmod i vurderingsprosessen. Det "gode" med CWD er at den ser ut til å spreia seg relativt sakte - dette er ikkje ei krise som må behandlast umiddelbart. Ein må gjerne bruka eitt til to år for å finna ut av omfanget.

Til toppen