Kaupanger: Klokka 20:36 fekk politiet melding om at eit vogntog lasta med dynamitt hadde fått motorstopp inne i Amlatunnelen ved Mannheller fergekai, i retning Sogndal, tysdag.
Tunnelen vart stengd i omlag 20 minuttar før brannvesen ankom staden. Omlag klokka 24:00 opna tunnelen for fri ferdsel.
– Grunna den farlege lasta valgte politiet å stenga tunnelen. Det var bestilt bilbergar, men den har ikkje kome til staden klokka 21:14, opplyser trafikkoperatør ved Statens vegvesen til Porten.no.
Fergesamband stengt
Fergesambandet mellom Fodnes og Mannheller vart stengd ein periode, men klokka 21:00 gjekk ei ferge frå Fodnes til Kaupanger, opplyste trafikkoperatør ved Statens vegvesen.
Trafikkoperatør kunne ikkje sei noko om kødanning på staden, men seier at bilar vart manuelt dirigert av brannvesen og politi på staden.
– Når brannvesenet først er der dirigerer dei trafikken manuelt slik at fergestrekningen slepp å vera heilt stengd, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt til Porten.no.
Klokka 20:47 melde Vest politidistrikt først om hendinga på Twitter.