TILBAKE: Tom Mangersnes er tilbake i rolla som analytikar for Sogndal Fotball. Foto: Rune Sjøberg/Sogndal Fotball
TILBAKE: Tom Mangersnes er tilbake i rolla som analytikar for Sogndal Fotball. Foto: Rune Sjøberg/Sogndal Fotball

Analytikaren er tilbake

Tom Mangersnes kjem i 2017 til å ha ansvar for Sogndal sitt analysearbeid, samt spelarkartlegging og vidareutvikling av fagfeltet analyse.

– Tom vil rett nok ha eit begrensa oppdrag for oss, då han hovudsakleg jobbar for Åsane Fotball. At Sogndal igjen kan dra nytte av Mangersnes sine tenester er me veldig glade for, fortel dagleg leiar Egil Mundal på Sogndal Fotball sine nettsider.

– Me har gode og langvarige relasjonar med Åsane, gjennom både Tom, Mons Ivar Mjelde og Roald Brun Hansen, så eit «sambruk» av Tom håpar me skal gje ytterlegare synergiar for begge klubbar også, seier Mundal.

Mangernes gler seg til interresante og faglege utfordringar:

– Eg gleder meg til å tatt fatt på spennande oppgåver både for Åsane Fotball og Sogndal Fotball. Etter eit opphold i nord var tiden no inne både for familien og eg å ta turen heim til vestlandet.

Til toppen