BUBIL: Bubilen hand omlag i lause lufta ved Stegastein i Aurland.
BUBIL: Bubilen hand omlag i lause lufta ved Stegastein i Aurland. (Foto: Anders Frydenlund)

Anders Frydenlund er blitt nedringt etter at han berga bubil i lause lufta

– Det tok heilt av dette, eg trur eg har fått 30-40 telefonar, seier bilbergaren i Lærdal laurdag kveld.

Aurland: Eit tysk ektepar skulle rygga bubilen sin på eit utkikkspunkt nedanfor Stegastein i Aurland, då det heldt på å gå svært gale. 

– Dei hadde vel gløymt å ha på håndbrekken, og bilen trilla bakover og hamna utanfor kanten. Det var truleg støypekanten som redda dei, fortel Frydenlund til Porten.no. 

Det var Sogn Avis som fyrste omtalte saka i dag, og etter det har media frå heile landet kasta seg på. 

– Ja, no har aviser frå heile landet ringt meg, seier Frydenlund og ler. 

Ekteparet ringte etter hjelp via Adac-sentralen, som tilsvarar NAF i Tyskland, og det var slik Frydelund rykka ut til ulukka. 

– Dei var litt skjelvne. Det ser jo heilt utruleg ut slik som bilen stod, men det gjekk no heldigvis bra både med dei og bilen, seier han.

Til toppen