Vestland: –Anders Felde har gjennom vervet som fylkesleiar i Sogn og Fjordane vore ei tydeleg røyst på vegne av ulike produksjonar og bruksstorleikar, held Humlestøl framtil ei pressemelding.
Han har stor kunnskap om dei landbrukspolitiske samanhengane, og eit pågangsmot som vil kome godt med i viktig arbeid som leiar i Vestland Bondelag.
– Vi har hatt eit godt samarbeid og ein god dialog i valnemnda, seier Humlestøl vidare.
- Les óg: Lerum-sjefen tek permisjon
Hordaland-leiaren på andre plass
Noverande leiar i Hordaland Bondelag Peder Nernæs har takka ja til å ta på seg det viktige vervet som nestleiar i Vestland Bondelag.
Nernæs driv med mjølke- og kjøtproduksjon og har sagbruk på Mundheim i Kvam Herad i Hardanger.
Styret
- Kari Sigrun Lysne, Lærdal
- Marianne Nordhus, Kvinnherad
- Ole Bjarne Hovland, Årdal
- Knut B. Hauso, Ullensvang
- Gry Ingvild Agjeld, Stryn
- Linda Kristin Oppedal, Sunnfjord
- Lars Bø, Voss
Vara
- 1. vara: Olav Myhr, Alver
- 2. vara: Nils Magne Gjengedal, Gloppen
- 3. vara: Kjersti Hjelmeland, Kvinnherad / Jørund Kvestad, Ullensvang
Nestleiarvervet vil vere eit viktig verv, når fylkesstyret skal skape aktivitet og få fokus på landbruk i eit geografisk svært stort område, held Kjell Humlestøl fram.
Valnemnda innstiller på følgjande styremedlemer i styret for Vestland Bondelag.
Årdøl med i styret
Ole Bjarne Hovland frå Årdal er med i det nye styret.
Sjå heile styret i faktakboksen.
Vala vert gjennomført i Skipingsmøtet til Vestland Bondelag torsdag den 12. november.
Grunna situasjonen med koronaviruset vil møtet verte gjennomført digitalt.
– Dette er ikkje ein iedeell situasjon når to fylkeslag skal slå seg saman. Det absolutt beste hadde vore å kunne møtast fysisk, men med dagens oppadgåande smittetal for korona vil det ikkje vere mogleg, seier leiaren i valnemnda.