SKULE: 82 kom inn på andre inntak til vidaregåande skule. Illustrasjonsfoto
SKULE: 82 kom inn på andre inntak til vidaregåande skule. Illustrasjonsfoto (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Andre inntak til vidaregåande skule er klart

82 fleire får skuleplass på vidaregåande skule 2016/2017. 

Sogn og Fjordane: Fredag var andre inntak til vidaregåande skule klart og 82 fleire fekk melding om at dei hadde fått plass.

Etter andre inntak står framleis 76 søkjarar med ungdomsrett utan tilbod. Søkjarane på ventelistene fordeler seg på dei fleste skular og utdanningsprogram. Det er 352 ledige skuleplassar ved dei vidaregåande skulane.

Svarfrist  for søkjarar som har fått tilbod ved andre inntaket er 3. august.

Vidaregåande skular

Årdal vidaregåande skule har ingen utan tilbod, men skulen har framleis 35 ledige plassar. Det er flest ledige plassar på linja påbygg, der er det heile 17 ledige plassar.

Det er 12 som står utan tilbod og 65 ledige plassar på Sogndal vidaregåande skule. Mange linjer på skulen er heilt fulle og dette gjer at nokre søkjarar står utan tilbod.

Til toppen