(Foto: Halvor Farsund Storvik)
(Foto: Halvor Farsund Storvik)
(Foto: Halvor Farsund Storvik)
(Foto: Halvor Farsund Storvik)
(Foto: Halvor Farsund Storvik)
(Foto: Halvor Farsund Storvik)
(Foto: Halvor Farsund Storvik)
(Foto: Halvor Farsund Storvik)
(Foto: Halvor Farsund Storvik)
(Foto: Halvor Farsund Storvik)
(Foto: Halvor Farsund Storvik)

Andre plassar slit dei med å skrapa i hop eit program, i Lærdal står ungdomen i kø for å gå på scena

Medan mange kommunar slit med å få nok deltakarar på scena, bugna det av talentfull ungdom då Lærdal inviterte til kulturmønstring i helga. 

Lærdal: Ikkje nok med at det mange deltakarar, det var heller ingenting å seia på breidda. På framsyninga i Lærdal kulturhus laurdag var det både teaterinnslag, dikt, sang og musikk.

Alle banda som stod på scena framførte sjølvlaga sangar. Gruppa Fjernlys hadda laga ein om ein mann som køyrer på tomme vegar.

– Eg var litt inspirert av Greenday-sangen Boulevard of Broken Dreams. Så er det òg litt fordi eg nesten berre driv med bil, seier Marcus Sørensen, ein av tre som står bak sangen.

Stort deltakartal i liten kommune

FJERNLYS: Marcus Sørensen er med i gruppa Fjernlys, som både fekk publikumsprisen og gjekk vidare til fylkesmønstringa i Høyanger.

Då visste han enno ikkje at gruppa hans skulle få ein av to publikumsprisar denne kvelden og i tillegg bli plukka ut av juryen til å representera Lærdal på fylkesmønstringa i Høyanger i april. Lista over resten av vinnarane kan du sjå nedst i saka.

Sørensen tykkjer det er kjekt å skriva eigen musikk, og ikkje berre spela det andre har kome på.

– Det er berre bra at eg får litt ut av hjernen og fantasien av og til, seier han.

Ketil Thorbjørnsen er lærar i Kulturskulen og stolt av at så mange tek del på mønstringa. I Lærdal var det heile 77 deltakarar fordelte på 42 kunstverk og 17 sceneinnslag. Margit Brooks fekk publikumsprisen blant kunstverka for Skrekk og gru.

– Ein tredel av skuleungdomen er med her i dag, det er heilt fantastisk. Spesielt når du ser at andre kommunar må gå ihop for å få til eit program, så er me veldig velsigna her i Lærdal, seier han.

Ønskjer å bygga opp att bandkultur

Han seier kulturmønstringa alltid har stått sterkt i kommunen, mykje takka vera Kulturskulen.

– Det er eitt av måla som elevane jobbar i mot i løpet av året, seier han.

Thorbjørnsen brenn for å byggja opp att bandkulturen i Lærdal, og at det er noko dei har satsa på dei siste åra. Difor er det ein stor opptur å sjå at alle musikarane tek låtskrivarkunsten på alvor.  

– Først har me brukt to-tre år på å læra oss å spela, for det kan vera vanskeleg nok. No har me fått det til, då må me starta tidleg å laga musikk, seier Thorbjørnsen.

Marcus Sørensen seier det er fleire fordelar med å servera heimelaga musikkbrygg til publikum.

– Det er mykje moroare og så veit ikkje folk korleis det eigentleg skal vera. Viss du spelar feil, så er det ikkje så mange som får det med seg, seier Sørensen.

Desse skal representera Lærdal på fylkesmønstringa i Høyanger:

Sceneinnslag:

  • Banansplit - House of the rising sun
  • Fjernlys - Road*
  • TJ Hamre - Quantim
  • Inger Johanne Kaardal (dikt)
  • Amalie - Hear me
  • Twang jr - Groove

Kunst:

  • Runa Måseidvåg - sekk i dongeri
  • Dominika Karolina Potoczanin - All the way down
  • Ingvar Rudningen Opdal - Blekksput
  • Margit Brooks - Skrekk og gru*

*fekk publikumspris

Til toppen