VIKTIG PRIS: Folk kom for å gi klemmar og syne si støtte til Andrea Voll Voldum (21) under demonstrasjonen i Oslo i sommar. No har ho lærdalsjenta fått Jenteprisen 2016. Arkivfoto: Camilla Skjær Brugrand.
VIKTIG PRIS: Folk kom for å gi klemmar og syne si støtte til Andrea Voll Voldum (21) under demonstrasjonen i Oslo i sommar. No har ho lærdalsjenta fått Jenteprisen 2016. Arkivfoto: Camilla Skjær Brugrand.

Andrea fekk Jenteprisen

Prisen som skal heidra dei som gjer ein ekstraordinær innsats for jenter og kvinner gjekk til Andrea Voll Voldum.

Lærdal: – Eg er veldig sjokkert over at eg nådde opp blant så mange gode kandidatar, men også beæra og utruleg glad, seier ei overraska Andrea Voll Voldum i pressemeldinga frå Plan Norge. 

Ho meiner prisen ikkje berre er ein heider til ho personleg, men til det arbeidet som vert gjort for å stoppa haldningar som fører til valdtekt.

– Eg er sikkert på at mange er glade med meg i dag, nettopp fordi dei veit kva dette handlar om. Me har ein jobb å gjere når det gjeld å førebyggje haldningar som fører til valdtekt. No håpar eg prisen kan bidra til at arbeid for å endre haldningar til valdtekt held fram.

Måndag kveld vart lærdalsjenta heidra med Jenteprisen 2016 for motet sitt då ho i sommar stod fram med historia si - tre menn tiltalte for valdtekt av lærdalsjenta vart frikjende av lagmannsretten. Med historia si engasjerte Voll Voldum heile landet, og utløyste også ein debatten om rettssystemet. 

– Snakkar om valdtekt på ein annan måte enn vi gjorde før

Jenteprisen blir delt ut av Plan International Norge på FN sin jentedag 11. oktober kvart år. 

Les også: Ho er nominert til jenteprisen

– Jenteprisen 2016 går til Andrea Voll Voldum for hennar personlege mot. Ho får Jenteprisen fordi ho utfordrar haldningar blant oss alle, noko som er symbolsk viktig for juryen. Denne Jenteprisen er ein smekk. Han snur spegelen mot oss sjølv, mot norsk ukultur. Det var ikkje Andrea sitt ansvar at situasjonen ho var i blei farleg for ho, seier juryleiar Knut Storberget.

Til toppen