Lærdal: I år er kvinner og rettar tema for årets 8. mars-parole i Bergen, der hovudtalar på Torgallmenningen er Andrea Voll Voldum frå Lærdal.
I fjor sommar skapte ho eit enormt engasjement over heile landet då ho gjekk ut med si valdtektshistorie.
– Eg skal snakka om valdtekt og rettstryggleik. Alle kvinner fortener god behandling og rettferd i valdtektssaker. Det er eit veldig tabubelagt tema, og når rettstryggleiken ikkje er på plass, er det veldig øydeleggjande, seier 21-åringen til NRK.
Rettferdig behandling
Voldum seier kvinnedagen har fått ei ekstra betydning for ho etter at ho gjekk ut med historia si, der tre menn som var tiltalt for å ha dopa ned og valdteke ho, vart frikjende i lagmannsretten. Hendinga skjedde i Hemsedal i 2014.
– Det er viktig for meg å få fram at kvinner skal få ei rettferdig behandling i rettssystemet, seier ho.
21-åringen leiar no stiftinga «Vi tror deg» saman med June Holm. Gjennom stiftinga ønskjer dei to å knytte seg til eit team av politi, advokatar og psykologar som kan hjelpe jenter og kvinner som er blitt utsette for overgrep.