Kyrkjebø/Skarvheimen: – Eg hadde lyst å lage ei avis og tenkte undervegs at salet av denne kunne gå til inntekt for nokon, slik at ikkje alle pengane gjekk til meg, fortel Andreas Dale (10).

Andreas (10) laga eiga avis og samla inn over 2000 kroner til Geiterygghytta
«Andreasavisa» vart til då Andreas Dale ønskte å sysselsetje seg sjølv under koronanedstenginga og samstundes tene pengar han kunne donere til nokon som trengde dei.