Leikanger: Under miniatyrstemne på Leikanger skyttarstadium i helga gjorde Anette Thingbø Sundnes reint bord.
Thingbø Sundnes skaut seg til 349 poeng på dei fire skytebanene og vann dermed suverent, fortel leiar i Leikanger skyttarlag, Jan Helge Furre.
– Dette er resultat heilt i norgestoppen, og som viser at Anette også i år vil vera blant favorittane på landskyttarstemne og i Norgescupen.
Thingbø Sundnes vann Norgescupen i 2018 og 2016.

Skyttarkonge frå 1980, Lars Halvard Ese, ser eit stort talent i balestrendingen. Ho vert omtala som eit talent som trenar målbevisst og fokusert, i ei melding frå skyttarlaget.
Aurlending skaut godt
Vegard Solhaug frå Aurland deltok også på stemnet og var i toppform, fortel Furre.
Han skaut seg til fire andreplassar og 346 poeng.
– Med fire andreplassar visar også Vegard stabil og god skyting, seier Furre.