KANDIDAT: Stegegjerdet er ein av to kandidatar Luster Arbeiderparti har fremma som kandidatar til stortinget.
KANDIDAT: Stegegjerdet er ein av to kandidatar Luster Arbeiderparti har fremma som kandidatar til stortinget. (Foto: NRK)

Anette Stegegjerdet Norberg vert fremma som ein av Ap-kandidatane i Sogn og Fjordane til stortingsvalet i 2021

Luster Arbeiderparti har vald å fremme Anette som ein av kandidatane til stortingsvalet neste år.

Luster: Luster Arbeidarparti fremjar Anette Stegegjerdet Norberg og Nils P. Støyva som kandidatar i Sogn og Fjordane til stortingsvalet i 2021. 

Det skriv partiet i ei pressemelding.

Norberg har bakgrunn frå Sogn og Fjordane AUF, med ulike verv på lokal- og fylkesplan frå 2006. Ho har tidlegare vore medlem i landsstyret og i den nasjonale programkomitéen i AUF. Norberg har vore innvald i kommunestyret i Luster sidan 2007, og har hatt verv i formannskapet og planutvalet. Ho har representert Sogn og Fjordane Ap på stortingslista tidlegare og møtte som vara i Stortinget i to periodar, frå 2009–2017. 

Støyva har bakgrunn som ordførar i Stryn i 12 år, har vore fylkesleiar i Sogn og Fjordane Ap i 6 år og gruppeleiar i fylkestingsgruppa til Ap i 4 år. Han har vore distriktssekretær i LO i 6 år.

Til toppen