SYNFARING: Dei ankande, Sognefjorden Utvikling, dommarar og advokatar var på synfaring i Hodlekve i forbindelse med rettssaka.
SYNFARING: Dei ankande, Sognefjorden Utvikling, dommarar og advokatar var på synfaring i Hodlekve i forbindelse med rettssaka. (Foto: Linda Watten)

Ankesaka om vegstriden i Hodlekve er i gong - partane på synfaring i dag

– Det blir ein gledens dag når denne saka er over, seier Jan-Erik Jensen, ein av dei fyrste hytteeigarane i Hodlekve.

Sogndal: Då konflikta med utbyggaren Sognefjorden Utvikling starta i 2014, handla usemja om kven som skal eiga stikkvegane på det nye hyttefeltet og kven som skal betala for vedlikehaldet av dei. Den striden vart landa i jordskifteretten. No skal lagmannsretten avgjera om fordelinga av utgiftene er rettvis.

– Me må ha ein ordentleg avslutning på saka, og ein avslutning som alle i størst mogleg grad kan vera nøgd med i framtida, seier Jensen etter fyrste del av to rundar i lagmannsretten.

Uenige om kostnadsfordeling og vedlikehald 

Jensen er ein av dei som anka avgjersla til jordskifteretten. 

– Me anka ikkje alt som jordskifteretten sa, men i all hovudsak er det kostnadsfordeling av vedlikehald og vegrett me er ueinige om no heilt på tampen. Dette må me løyse. 

MOTPARTEN: Sognefjorden Utvikling ved Jan Ivar Brattås (midten) og Even Heggbom (til høgre). Foto: Linda Watten

Hyttefolket kjøpte tomter i den tru at alle vegar, inkludert dei som går inn til kvar enkelt hytte, skulle vera offentlege. Sognefjorden Utvikling, derimot, har krevd at hytteeigarane skipar eit grendalag som skal ha ansvar for drifta av stikkvegane.

– Me trur det er fornuftig å ha eit veglag og ein andel per hytteeigar, i alle fall no frå starten av. Me har ikkje noko grunnlag for å tru at nokre delar av vegane er spesielt dyre å drifta i forhold til andre, sjølv om nokon fryktar det, seier Jan Ivar Brattås i Sognefjorden Utvikling. 

Ynskjer ei ryddig og rettferdig avgjersle 

– Som me har sett på synfaring her i dag, er det ulike område det er snakk om. Dei nederste er ryddig etablert, medan det blir større utfordringar dess høgare opp du kjem. Det blir stor stigning, hyttene ligg tett, det blir vanskeleg å deponera snø, og det er stor vassføring der som øydelegg veg. Me må få ei ryddig avgjersle på korleis kostnadane på dette skal fordelast, seier Jensen. 

SYNFARING: Synfaring blant hyttene i Hodlekve. Foto: Linda Watten

Rita Navarsete er òg tomteeigar i Hodlekve, samt ein av dei som ankar på avgjersla til jordskifteretten.

– På synfaring no ser me blant anna på avstandar på stikkveg. Nokre her har sleppt å vore med i veglaget, fordi dei har direkte avstikkar frå hovudvegen. Då får dei brøyting opp til deira stikkveg likevel, så det er til deira gode. Eg meiner at me skal betala for det me brukar, og skal alle vera med, så skal dei òg, seier ho. 

Jensen: – Dette har teke mykje kapasitet og glede 

No ser alle partane fram til morgondagen og at lagmannsretten kjem med ei løysing som forhåpentlegvis gjer alle tilfreds. 

ANKA: Jan-Erik Jensen, hytteeigar. Foto: Linda Watten

– Det kan jo hende me får ei betre løysing no, men me var i utgangspunktet innstilte på å godta den løysinga dei kom til. Men det er ikkje utenkeleg at me kan koma fram til noko som motparten òg er nøgd med, seier Brattås.

Jensen er glad det heile snart er over. 

– Eg trur morgondagen blir ein fornøyeleg dag. Ikkje fordi eg veit korleis saka endar, men fordi det er ei sak som sikkert har satt rekord i jordskiftebehandlingar. Det starta i 2014 og endar i 2018. Det skal bli ein gledens dag, for dette har teke mykje kapasitet og glede over Hodlekve-området, seier han. 

Til toppen