HAR STARTA ARBEIDET: Mannheller ferjekai skal få liggekai og straumforsyning for hybridferjer.
HAR STARTA ARBEIDET: Mannheller ferjekai skal få liggekai og straumforsyning for hybridferjer. (Foto: Statens Vegvesen )

Anleggsarbeidet på Mannheller ferjekai er i gong

Bygger ny liggekai og straumforsyning for hybridferjer - eit prosjekt som skal stå ferdig 1. februar 2019.

Kaupanger: Statens vegvesen har starta bygginga av ny liggekai på Mannheller. Det er eit tiltak som blant anna vil spare miljøet for utslepp, det skriv dei i ei pressemelding.

Prosjektet inneheld òg ny straumforsyning for hybridferjer, oppgradering av området rundt servicebygget, ny snuplass for buss, og universell utforming av tilkomst til ferja.

Har gjort mange endringar på ferjekaien før arbeidet

Entreprenørfirmaet NCC er no i gang med fundamentering på land. Dette skal vere landfeste for kaia. Etter ferien startar fundamentering under vatn, og arbeidet skal utførast av ein eigen sjøentreprenør med dykkarar.

Skråstilte stag skal støypast frå fjordbotnen og opp til landfundamenta. Dette arbeidet startar ikkje før over sommaren.

– For å gje plass til anleggsarbeidet har vi vore nøydde til å gjere ei rekke endringar på Mannheller ferjekai. Oppstillingsfil ein er stengt av, og parkeringsplassane som før var nede ved ferjelemmen er no flytta opp i Amlatunnelen, fortel byggeleiar Harald Stadheim. 

Kan bli utfordrande for sommartrafikken

Med færre oppstillingsplassar kan denne sommaren blir ei utfordring, spesielt enkelte helgar med mykje utfart.

I GONG: Mannheller ferjekai skal få liggekai og straumforsyning for hybridferjer. Foto: Statens Vegvesen

– Til no har det gått veldig greitt, men det blir spanande å sjå når sommartrafikken kjem for fullt. Vi vil vera i kontinuerleg dialog med Fjord1 for å finne dei beste løysingane for trafikantane, og trafikken skal gå uhindra gjennom heile byggeperioden, seier Stadheim.

Det skal heller ikkje vera grunn til bekymring for kaos under Lerum-cup.

– Under fotballturneringa Lerum-cup seinare i juni vil vi opne alle oppstillingsfiler. I tillegg tek anleggsarbeidet ferie heile juli månad.

Sparar miljøet

Ei ny kvilekai på Mannheller gjer at ferje nummer to slepp å gå til Kaupanger på natta slik den gjer i dag, noko som sparar miljøet for utslepp. Liggekai er også ein føresetnad for at meir miljøvenlege ferjer skal setjast inn på sambandet i framtida. 

På andre sida av fjorden, på Fodnes, skal det også gjerast mindre tiltak på kai, samt justering av snuplass for buss og universell utforming av tilkomst til ferja.

Til toppen