FRONTEN FYRST: Slik låg anleggsdumperen i elva.
FRONTEN FYRST: Slik låg anleggsdumperen i elva. (Foto: Politiet)

Anleggsdumpar sklei ut i elv - føraren berga seg sjølv på land

Ein mann i 20-åra vart onsdag kveld sendt med luftambulanse til sjukehus etter ei ulukke på Leikanger.

Det var seint onsdag kveld at ei anleggmaskin sklei ti meter ut og gjekk gjennom isen på Grindselvi på Leikanger. Ulukka skjedde i nærleiken av eit kraftanlegg, skriv NRK.

– Mannen krabba sjølv ut av anleggsdumperen og kom seg på land, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Morten Rebnord.

Les òg: Lastebil utfor vegen på Kjørnes

Føraren er uskadd

Kollegaene fekk på føraren turre klede, og varsla politiet klokka 22:25. Føraren var bevisst når naudetatane kom til staden, men hadde smerter i ryggen. 

– Det vart oppfatta som ganske dramatisk for alle som var på staden. Naudetatane blei varsla kort tid etter at mannen var komen ut av anleggsdumperen, seier Rebnord.

LEIKANGER: Ulukka skjedde onsdag kveld på Leikanger. Foto: Skjermdump/Google Maps)

Mannen blei sendt til Førde sentralsjukehus med helikopter. Helse Førde opplyser til NRK klokka 11:00 torsdag at mannen i 20-åra er uskadd.

Arbeidstilsynet er varsla og politiet har oppretta sak. 

Til toppen