Lærdal: 99 bilførarar vart kontrollerte for promille og førarkort då politiet heldt kontroll ved den gamle vekta på Ljøsne onsdag.
Ein førar vart anmeld for køyring i rusa tilstand. Ein annan bles til lågpromille og måtte venta ei stund før han fekk køyra vidare. Ein tredje førar blei anmeld for å gje opp uriktige personalia og ikkje ha gyldig førarkort. Dette opplyser operasjonssentralen i Florø.