GROVT OVERTRAMP: – Dette er ein grov overtramp, seier Ivar Kvalen, styreleiar i Jostedalsbreen Nasjonalpark, og ordførar i Luster kommune.
GROVT OVERTRAMP: – Dette er ein grov overtramp, seier Ivar Kvalen, styreleiar i Jostedalsbreen Nasjonalpark, og ordførar i Luster kommune. (Foto: RAGNHILD MYKLEMYR / NRK)

Ordføraren melder Statkraft til politiet: – Eit grovt overtramp

Jostedalsbreen Nasjonalpark meiner Statkraft dreiv ulovleg arbeid då dei flaumsikra langs Fåbergstølselvi våren 2019.

Luster: Under arbeid med flaumsikring langs Fåbergstølselvi i Luster kommune gjekk Statkraft inn i verneområdet til nasjonalparken med gravemaskinar og dumparar. Det skriv NRK.

– Dette er ein grov overtramp, seier Ivar Kvalen, styreleiar i Jostedalsbreen Nasjonalpark, og ordførar i Luster kommune, til statskanalen.

Statkraft legg seg flate

Statkraft vart melde fordi dei ikkje hadde løyve til å arbeida fleire hundre meter innanfor verneområdet til nasjonalparken. 

Kvalen meiner det er viktig å handsama alle likt, uansett om det er snakk om ein grunneigar, turgåar eller eit stort konsern. 

Jostedalsbreen Nasjonalpark godtok at Statkraft fullførte arbeidet dei hadde byrja på. Kraftverkssjef for Statkraft i Sogn, Geir Orrestad, seier at selskapet legg seg flate. 

– Me gjorde arbeid innanfor grensa utan løyve, seier Orrestad. 

Han vil ikkje kommentara saka ytterlegare då ho vert etterforska av politiet. 

Jobb i Sogn

Sjå alle stillingar

Til toppen