SOMMARJOBB: Anna Kastet frå Årdal har sommarjobb i DifiCamp på Leikanger. Foto: Margunn Masdal, Difi.
SOMMARJOBB: Anna Kastet frå Årdal har sommarjobb i DifiCamp på Leikanger. Foto: Margunn Masdal, Difi.

Anna har sommarjobb i DifiCamp

Anna Kastet frå Årdal jobbar med eit system som skal finna ut kor stor del nynorsk som blir nytta i det offentlege.

Leikanger/Årdal: 22-åringen studerer sivilingeniør i datateknikk i Trondheim på andreåret. Ho er ein av tolv studentar som har sommarjobb i DifiCamp.

Dette er sommarjobb-tilbodet i Direktoratet for forvalting og IKT i Leikanger, og studentane skal jobba med systemutvikling på oppdrag for, og saman med Difi sitt faste utviklarmiljø. Utviklingsoppgåvene studentane jobbar med er svært svært så krevjande.

Kastet fortel at ho ville utforske moglegheitene for relevante sommarjobbar i nærleiken av heimbygda, og difor søkte ho seg hit.

– Det beste med DifiCamp så langt er spennande prosjekt, fin kombinasjon mellom oppfølgjing og fridom, og flotte folk å arbeide og bu saman med.

– Her får eg brukt det eg kan, lærer nye ting og får produsert noko som kan brukast vidare på ein eller annan måte. 

Kastet jobbar med eit prosjekt som skal finna ut kor stor del av nynorsk som blir nytta i det offentlege og sjå om dette følgjer mållova.

– Om me får dette til å fungere, kjem det til å fjerna behovet for ein god del manuel arbeid som må gjerast kvart år per i dag, forklarar ho. 

Til toppen