RØYSTETID: Nesten 200 kommunar har bestemt seg for å halde folkerøysting om å slå seg saman med naboen. I april skal det haldast folkerøysting over heile landet. Foto: Wiki commons.
RØYSTETID: Nesten 200 kommunar har bestemt seg for å halde folkerøysting om å slå seg saman med naboen. I april skal det haldast folkerøysting over heile landet. Foto: Wiki commons.

Annankvar kommune vil halde folkerøysting

Nesten 200 kommunar har bestemt seg for å halde folkerøysting om å slå seg saman med naboen. I eit fleirtal av kommunane er truleg svaret gitt på førehand.

Årdal/Lærdal: – Det store talet på folkerøystingar er eit signal om at dette prosjektet ikkje vil lykkast. Det er eit uttrykk for den sterke motstanden mot samanslåingar, seier professor Tor Bjørklund ved institutt for statsvitskap ved Universitetet i Oslo til Aftenposten.

Bjørklund er overbevist om at minst tre av fire folkerøystingar vil ende med eit klart nei til samanslåing. Årsaka er, ifølge Bjørklund, at diskusjonane om folkerøysting er gjennomsyra av taktiske vurderingar.

– Blant dei som er imot samanslåingar, er 70 prosent for folkerøysting. Blant tilhengarane av samanslåing er støtta til folkerøysting ned mot 30 prosent, forklarar han.

I sambands med kommunevalet i fjor heldt 14 kommunar folkerøysting om kommunesamanslåing. Berre i éin kommune svarte folket eit klart ja. Det var i trøndelagskommunen Rissa. Der sa 63,3 prosent ja til å bli slått saman med Leksvik. Men i Leksvik var det heilt jamt: 949 stemmer mot 949.

I alle dei andre kommunane med folkerøysting – Herøy, Dønna, Leirfjord, Åseral, Re, Sande, Tjøme, Hjelmeland, Bø, Vang, Gran og Lunner – sa veljarane nei til samanslåing.

Verken Årdal eller Lærdal kjem til å gjennomføre ei slik folkerøysting etter som dei ikkje har kome fram til ein intensjonsavtale med nabokommunane. (©NPK)

Til toppen