HØGE MÅL: Anne Kauppi håpar å samle meir enn i fjor. Dei som brukar Vipps, må sende mellom kl. 14-16 for at det skal blir registrert på Årdal og ikkje sentralt.
HØGE MÅL: Anne Kauppi håpar å samle meir enn i fjor. Dei som brukar Vipps, må sende mellom kl. 14-16 for at det skal blir registrert på Årdal og ikkje sentralt. (Foto: Synne Asheim Haga/arkiv)

Anne Kauppi leiar TV-aksjonen i Årdal: – Klarar me 400.000?

Koma over 400.000-grensa og halde topposisjonen i Indre Sogn, er målsetnaden til leiaren for TV-aksjonen i Årdal.

Årdal: TV-aksjonen i år skal gje kvinner moglegheiter til å tene sine eigne penger, bestemme over eigen kropp og få stemma si høyrt.

I 2018 samla Årdal kommune inn 393.396. No er målet hakket høgare: 

TV-aksjonen 2019

Årets TV-aksjon går til CARE sitt arbeid for å skapa eit betre liv for kvinner i nokon av verdas mest sårbare områder.

TV-aksjonen skal gje kvinner moglegheit til å tene sine eigne penger, bestemme over eigen kropp og få stemma si høyrt.

Kvart år besøker 100 000 bøssebærarar samtlege av Noregs 2,3 millionar husstandar. Over 7000 frivillige jobber fram mot aksjonsdagen for å mobilisera 100 000 bøssebærarar.

– Me har alltid hatt ei auke, så me må jo bli betre enn i fjor. Kanskje klarar me å passera 400.000?

– Og samstundes klara å halda topplasseringa blant kommunar i Indre Sogn. Tapar me kampen, er me likevel kjempeglade for det. Då har heile regionen auka innsamlinga, og fleire kvinner får moglegheiter. 

Ho håpar at næringslivsleiarar som les dette, hiv seg på gjevarstafetten. Mellom anna har Hydro bidrege med 100.000 kroner. 

– Det er heilt fantastisk at Hydro setter så stort preg på TV-aksjonen, når me veit kva for ei tid dei har vore gjennom. Kvinner sine rettar, bærekraft, det er utruleg flott. Me ser også at det er mange toppleiarar i Hydro som er kvinner. 

Elles er desse på topp i Årdal per no: Årdal kommune: kr. 10.000, Årdalsnett: kr. 7.500, Sogn Opplæringskontor: kr. 5.000 og Øvre Årdal Helselag: kr. 5000, Sjefsdamer: kr. 1000. 

Hydro bidreg med 100.000 kroner

Hydro held fram med å støtta TV-aksjonen, som i år går til CARE. Dei arbeidar for å skapa eit betre liv for kvinner i nokre av verdas mest sårbare områder.

– Eg er stolt over Hydro sitt engasjement og bidrag til denne aksjonen, og håpar at årdølene nok ein gang stiller opp om ei viktig sak, med gode bidrag til bøssebærarane som kjem rundt på dørane søndag, seier fabrikksjef i Årdal, Wenche Eldegard.

Kvart år gjer Hydro sine produksjonsstader i Norge 100.000 kroner kvar til TV-aksjonen, totalt 1,1 millioner kroner.

Summen vil mellom anna bidra til å oppretta cirka 18 spare- og lånegrupper som kan brukast til å sende borna på skulen, starte bedrifter og tilsette fleire kvinner.

Til toppen