Anne Marie Kvien laga god stemning på eldredag i Lærdal

Onsdag ettermiddag var det duka for markering av FN sin internasjonale eldredag i Lærdal.

Eldredagen vart oppretta i 1990, og FN sitt arbeid består i å leggje til rette for saker som kjem dei eldre ved. Den offisielle datoen er 1.oktober, men vart utsatt til denne onsdagen for å få hit hovedgjesten Anne Marie Kvien.

Omlag 70 personar var samla då eldredagen vart markert denne kvelden. Leiar for eldrerådet Knut O. Aarethun innleia festen og ynskte alle velkomne. 

Sjå fleire bilete frå dagen øvst i artikkelen.

Deretter overlet han mikrofonen til ordførar Jan Geir Solheim. I sin korte tale snakka ordføraren om dei eldre og framtida. Han kom med litt fakta om at talet på eldre i verda har aldri vakse fortare. 

Dei siste 30 åra har talet på menneske over 60 år dobla seg. Det er forventa at talet menneske over 60 vil dobla seg igjen innan år 2050. 

Det blir ei utfordring å ta for seg dei eldre i åra framover, og då må ein ha fleire sjukepleiarar og hjelpepleiarar som kan ta seg av dei eldre. 

Mange av dei frammøtte denne kvelden minnes tilbake på 60- og 70-talet då Anne Marie Kvien spelte til dans i ungdomshusa her i Lærdal. Med gode historier og mange kjende sangar gjekk den oppsatte timen fort. 

På repertoaret stod blant anna «Dere fra meg», «Takk for livet og kjærligheten», «Levende lys over Europa» (med allsang frå publikum), «Sangen om bygda» og sangar av Alf Prøysen.

– Dette var kjempe flott for den eldre generasjonen, sa Birger Tønjum som var ein av gjestene denne kvelden. Han sat på bord saman med Håkon Kvamme, Gerd Berit Tønjum, Anders og Dagmar Mo og Arne Ulviksbakken som fekk servert gode smørbrød med kaffi og kake.

– Å møtast her og ha ei god stund var meininga, sa Aarethun som avslutning på kvelden og ynskte alle vel heim.

Til toppen