FÅR VARSEL MOT SEG: Dei fire politikarane Arne Glenn Flåten (H), Rita Navarsete (Frp), Arnt Hovland Munthe (H) og Karin Vikane i Sogndal har fått eit anonymt varsel mot seg, men får støtte frå advokathald. Enkeltpolitikarar har ikkje arbeidsgjevaransvar og kan ikkje bryta arbeidsmiljølova, i tillegg er utsegna deira verna av ytringsfridomen, er konklusjonen.
FÅR VARSEL MOT SEG: Dei fire politikarane Arne Glenn Flåten (H), Rita Navarsete (Frp), Arnt Hovland Munthe (H) og Karin Vikane i Sogndal har fått eit anonymt varsel mot seg, men får støtte frå advokathald. Enkeltpolitikarar har ikkje arbeidsgjevaransvar og kan ikkje bryta arbeidsmiljølova, i tillegg er utsegna deira verna av ytringsfridomen, er konklusjonen. (Foto: Montasje)

Anonym varslar meiner desse fire braut arbeidsmiljølova – dette seier advokatane

Ein anonym varslar, som hevdar å vera tilsett i kommunen, meiner fire politikarar i Sogndal braut arbeidsmiljølova frå talarstolen sist kommunestyremøte. Advokatar Porten.no har snakka med, meiner varslaren har ei dårleg sak.

Sogndal: Søndag vart det sendt eit anonymt varsel til postmottaket i Sogndal kommune om «kritikkverdige tilhøve» i kommunen og «moglege brot» på arbeidsmiljølova. Varselet vart sendt i kopi til fleire media.

Bakgrunnen for varselet er det oppheita kommunestyremøtet i Sogndal sist torsdag

Varslaren, som hevdar å vera ein tilsett i kommunen, reagerer på ei rekkje utsegn dei fire politikarane Arnt Hovland Munthe (H), Rita Navarsete (FrP), Karin Vikane (H) og Arne Glenn Flåten (H) kom med i møtet.

– Som tilsett i Sogndal kommune kjenner eg personleg på ei sterk uro og redsle for eigen og andre tilsette si helse ved å ha eit dagleg virke i ein kommune der representantar frå kommunestyret, som har det øvste arbeidsgjevaransvaret for alle tilsette i Sogndal kommune, har ei framferd som vert opplevd som helseskadeleg, skriv varslaren.

IKKJE LOVBROT: Tor Allstrin, leiar i KS-advokatene, seier politikarane har lov til å meina fritt i kommunestyret. Berre kommunestyret som organ har arbeidsgjevaransvar overfor dei tilsette, ikkje enkeltrepresentantar, minner han om.

Han skriv at han er «redd for gjengjelding og personleg merksemd», og at det er motivet for å vera anonym. Porten.no kontakta vedkomande på ei e-postadresse som er oppretta spesielt for føremålet, men varslaren ønskjer ikkje å gje kommentarar utover det som kjem fram i brevet til kommunen.

– Eg kan stadfesta at Sogndal kommune har fått eit varsel. Eg har sendt saka til setterådmann Terje Heggheim for vidare handsaming, seier ordførar Jarle Aarvoll, som ikkje vil seia kor alvorleg han ser på innhaldet i varselet.

– Eg har uttala meg tidlegare om det som vart sagt på kommunestyremøtet, men det går eg ikkje inn på no, seier Aarvoll. 

Han fortel at identiteten til varslaren heller ikkje er kjent for dei. 

Advokatar meiner varslar har dårleg sak

Oppsummert er det tre ting varslaren reagerer på.

Det første er at to kommunetilsette, ein namngjeven og ein lett identifiserbar, hamna i kritisk søkelys frå talarstolen på kommunestyremøtet sist torsdag. Det andre er påstandar frå opposisjonen om at det har føregått mobbing og trakassering i Sogn barnevern, og at tidlegare tilsette ikkje har slutta frivillig, men blitt mobba ut. Det tredje er skuldingane deira om at rådmannen medvite har gitt feilaktige opplysningar til politikarane.

Dette meiner varslaren er moglege brot på arbeidsmiljølova, mellom anna paragrafen som seier at «arbeidstakar ikkje skal utsettast for trakassering eller anna utilbørleg framferd».

Advokatar Porten.no har snakka med, meiner derimot at varslaren har ei dårleg sak.

– Det er ikkje grunnlag for å hevda at dei har brote arbeidsmiljølova, dei er politikarar som meiner noko. Ytringsfridomen gir dei ganske stort rom til å påstå ting. Det er heller ikkje slik at enkeltrepresentantar i kommunestyret er arbeidsgjevar til desse som er omtala, det ansvaret ligg til kommunestyret i seg sjølv som organ, seier Tor Allstrin, leiar i KS Advokatene.

Advokat: – Lov å seia kva du meiner

Allstrin seier at ein rådmann må tola kritikk og å bli gått etter i sømmane. Samstundes bør politikarar tenka seg nøye om før dei hevdar at rådmannen medvite har feilinformert dei. Men det er ikkje brot på lova å påstå noko slikt. 

– Det er ikkje alvorleg at enkeltrepresentantar gjer det, det er alvorleg viss organet i seg sjølv gjer det. Viss kommunestyret meiner at rådmannen bryt informasjonsplikta si, så må dei ha ei god sak, seier Allstrin. 

Advokat Louis Anda frå Sogndal er like tydeleg på at dei fire politikarane ikkje har gjort noko ulovleg.

– Du må ha lov til å seia kva du meiner i eit kommunestyre, viss ikkje er det ikkje noko demokrati, men du må vera forsiktig med karakteristikkar. Til dømes kan du seia at nokon kjem med feilaktige opplysningar, utan at du treng å kalla nokon ein løgnar. Det handlar om å vera sakleg, seier Anda.

Ikkje lovbrot å hevda at rådmannen lyg

– På møtet sa Arne Glenn Flåten: «Me føler at me blir villeia, på så enkle ting av og til, at me føler det er med vilje». Han seier meir eller mindre at rådmannen lyg. Er det innafor?

– Det er ei sterk formulering, men viss det er det han meiner, så har han lov til å seia det. Me lever i eit demokrati, og jo høgare posisjon du har, jo høgare er terskelen for kva du må tola, seier Anda.

Meir problematisk tykkjer han det var då Rita Navarsete (Frp) i den opne spørjetimen brukte namnet på ein kommunalt tilsett når ho ville ha svar på om vedkomande har gitt oppdrag til eigen ektefelle. 

– Det er ikkje rette måten å gjera det på. Her har ein utvist dårleg skjøn. Eg ville ha sagt «me er kjent med» slik og sånn, og så anonymisert vedkomande. Eg ville latt vera å nemna namn, seier Anda.

– Men det er ikkje noko lovbrot?

– Nei, seier advokaten.

Arne Glenn Flåten (H) vert ikkje uroa når han får høyra om innhaldet i varselet, tvert om.

– Det er berre eit teikn på at me har truffe spikaren på hovudet, seier han.

Til toppen