Øvre Årdal: Som Porten.no har omtalt tidlegare i sommar har det pågått ein prosess om å fjerne parkeringsplassane framfor Årdalsenteret i Øvre Årdal.
Forslaget, som Arbeidarpartiet kom med, vart vedteke i formannskapet i mai og var meint som ein kompensasjon for dei 32 mellombels plassane dei sa ja til på Jotunplassen i same møte. Reaksjonane har ikkje late vente på seg, ikkje minst frå Coop som eig Årdalsenteret.
No har også Årdal Næringssamskipnad med sine 56 medlemsbedrifter handsama saka i eit møte og gitt ein klar og tydeleg uttale i saka.
– Me er kritisk til den prosessen ein har køyrt frå Årdal kommune i denne saka. Den er ikkje med på å skapa tillit og gode samarbeidsforhold mellom kommunen og næringsaktørar. Den er med på å skapa usikkerheit knytt til vilkår og føresetnader som ligg til grunn for store investeringar som er gjennomført, dette vil kunne vere med på å gjere det mindre attraktivt å gjere investeringar i sentrumsområde i Årdal framover, heiter det i uttalen.
Vekst, men framleis krevjande
Kommunen har satsa bevisst på handel og er no i gang med reiselivet, der målet er å firedobla besøkstala. Innanfor næringslivet har det skjedd ei samling i Øvre Årdal, og for to år sidan var helseteneste samlokalisert til same tettstaden.
– Ein ser allereie no at det er ein svært positiv utvikling i reiselivet og handelen i Årdal gjennom auka trafikk og handel. Sommarmånadane gir god omsetning som følgje av fleire besøkande, men det er fortsatt krevjande for mange å drive med gode marginar. Den veksten ein jobbar mot vil krevje meir parkering i sentrum i Øvre enn det ein har i dag, og ikkje mindre, skriv samskipnaden.
– Årdal kommune har satsa på å skape eit handelssentrum i Øvre Årdal som skal vere med å motverke handelslekkasje og samtidig trekke til seg handel frå nabokommunar og hytte område. Dette handelssentrumet har ein òg styrkt gjennom å samle legetenestene i Øvre. Dette er med på å styrke handelen, men krev ekstra parkeringsbehov.
Konkurransevridande
Årdal Næringssamskipnad meiner også at eit slikt vedtak kan ha ein konkurransevridande effekt, der det vil vera ein fordel ikkje å ha butikk i sentrum.
– Saman med næringslivet er det politikarane si plikt å legge til rette for å utnytte og utvikle dette potensialet. Vidare er det politikarane si plikt å vera ein god medspelar samt forvalte og legge til rette for gode parkeringstilhøve så vel som god vareleveringstilkomst. Utan desse faktorane kan ein ikkje drive god butikkdrift.
– Me ber om at Årdal kommune stoppar denne prosessen og held fram det gode arbeidet knytt til utvikling av reiselivet i Årdal, «Stopp på Torget»-aktivtetar og vidare støtte til å utvikle handelen som ei viktig næring i Årdal. Det er ei svært positiv utvikling som me ikkje må stoppa med slike tiltak og prosessar.