Foto: Truls Grane Sylvarnes.
meiningar
Foto: Truls Grane Sylvarnes.
meiningar

Ansvarleg handtering av gummigranulat, kunstgrasbaner og miljø

KRONIKK: Forum for natur og friluftsliv (FNF) set søkjelys på mikroplast i naturen, deriblant gummigranulat frå kunstgrasbaner. 

Vi veit ikkje kor mykje av dette som endar opp i naturen og i drikkevasskjelder, men vi veit det er flyktig og har eit problem med å liggje i ro der det var tenkt å liggje. FNF har bedt kommunane i fylket om ei tilbakemelding på korleis dei handterer gummigranulat på kunstgrasbanene sine. 

Vi vil gjerne orientere om korleis Sogn og Fjordane fylkeskommune og Norges Fotballforbund (NFF) Sogn og Fjordane vil møte utfordringa frå FNF i arbeidet med rehabilitering av kunstgrasbaner.

Sogn og Fjordane har om lag 120 ballbingar på skuleplassar, ved idrettsparkar og i bustadfelt. Bingane vart etablerte frå midten av 1990-talet og utover med tilskot frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Dei har skapt mykje fysisk aktivitet i nærmiljøet, noko som viser att i nedslitte bingar, med blant anna utslitt kunstgras. Ballbingane vart etablerte med gummigranulat som støytdemping. 

Eigarane av anlegga er ansvarlege for både drift, vedlikehald og tryggleiken i anlegga. Dei kan få tilskot til rehabilitering både gjennom spelemiddelordninga og frå Sparebankstiftinga. Både av omsyn til miljøet og med tanke på vedlikehald på skulane der mykje av gummigranulatet vart trekt i hus og ut i naturen, anbefaler fylkeskommunen og NFF sand som støytdemping. I løpet av perioden 2015–2017 har fylkeskommunen og NFF koordinert rehabiliteringa av 50 bingar med sand som støytdemping. Tilbakemeldingane så langt er svært gode. 

Ei anna side av rehabiliteringa er kva ein skal gjere med det gamle kunstgraset, som blir bytta ut, og som er spesialavfall. Kulturdepartementet  vil no – på bakgrunn av innspel frå blant anna fylkeskommunar, miljøvernorganisasjonar, kommunar og idrettslag – godkjenne at spelemidlane kan dekke kostnadar til makulering av kunstgrasdekke som spesialavfall. Fram til no har vi ingen kontroll med kva anleggseigarane gjer med gamalt kunstgrasdekke . 

I arbeidet med rehabilitering av ballbingar og kunstgrasbaner tek fylkeskommunen og NFF ansvar for

  • å krevje plan for makulering av kunstgrasdekket jf. miljøureiningslova ved søknad om spelemidlar til rehabilitering av kunstgrasbaner og bingar
  • å gje informasjon om drift av kunstgrasbaner med omsyn til innfyll av nok mengde gummigranulat i bingar og baner ved anleggsrådgjeving
  • å spreie informasjon på anleggskonferansen til fylkeskommunen våren 2017 og ved fylkeskommunalt seminar haust 2017
  • å gjere anleggseigarar, oftast kommunar, ved større anlegg, merksame på å investere i vedlikehaldsmaskiner som tar omsyn til gjenbruk og oppsamling av gummigranulat ved idrettsanlegg.
  • å lage kurs for vedlikehald av baner, drive kompetanseheving av driftspersonale og spreie informasjonsmateriell som er utarbeidd
  • å krevje at alle eigarar av kunstgrasbaner i Sogn og Fjordane sender inn driftsplan for anlegga sine innan 1. juli 2017

Norges Fotballforbund sentralt har sett i gang eit stort forskingsprosjekt om alternative metodar for betre å fange opp og bruke gummigranulat på nytt. Dette er både god miljøpolitikk og god økonomi. Det er framleis lite kunnskap om kor mykje granulat frå kunstgrasbaner som faktisk hamnar i naturen, og som kan påverke miljøet.  NFF Sogn og Fjordane gjer denne våren ein ekstra innsats for vedlikehald av baner, og fryktar dessverre at mange kommunar ikkje ser seg råd til å investere i  vedlikehaldsmaskiner som kan gje innsparing på sikt og betre miljøet. Mange baner vert ikkje vedlikehaldne godt nok, har for mykje gummigranulat og vert oppfatta som dårlege baner.  

Vi ynskjer derfor å kome i møte utfordringa frå Forum for natur og friluftsliv til det beste for miljøet, auka trivsel for barn og unge, betre vedlikehaldne baner og betre økonomi for anleggseigarane.

Svin Olav Myklebust
NFF Sogn og Fjordane

Atle Skrede
Sogn og Fjordane fylkeskommune

Til toppen