ELVESIKRING: Biletet er frå Erdalselva under flaumen hausten 2014. I samband med elvesikring i Kuvelda og Erdalselva meiner Geir Berge Øverland (Ap) at Lærdal kommune bør stilla garanti for eigeandelen i samband med arbeidet. Arkivfoto: Jan Christian Jerving
ELVESIKRING: Biletet er frå Erdalselva under flaumen hausten 2014. I samband med elvesikring i Kuvelda og Erdalselva meiner Geir Berge Øverland (Ap) at Lærdal kommune bør stilla garanti for eigeandelen i samband med arbeidet. Arkivfoto: Jan Christian Jerving

Ap finn det urimeleg at ikkje kommunen har stilt garanti, noko som forsinkar elvesikringa

Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) ønskjer å løyse saka politisk så fort som råd, noko som kan opne for at Lærdal kommune gir grunneigarar garanti for utgiftene til elvesikring etter Kuvelda og Erdalselva i fjor haust vart råka av flaum. 

Lærdal: Geir Berge Øverland (Ap) løfta spørsmålet under spørjetimen i Lærdal kommunestyre torsdag. 

MÅ KOME I GANG: Geir Berge Øverland (Ap) meinte Lærdal kommune må stille garanti for eigeandelen for arbeidet med flaumsikring av Kuvelda og Erdalselva som vart råka av flaum i fjor haust.
Foto: Ina Eirin Eliassen

– Regelen er at kommunane stiller garanti. I denne saka finn eg det urimeleg at kommunen ikkje alt har stilt garanti. Det forsinkar heile elveførebygginga. Det er ikkje slik at me kan tenke oss om, så ta ei politisk avgjerd seinare. Me har frist til 1. november for å stille denne garantien, elles blir det ikkje gjordt noko i år, seier Øverland. 

Ventar avklaring frå NVE

Saka har til no berre vore handsama administrativt, ikkje politisk, i påvente av ei avklaring frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), som enno ikkje har komen. Rådmann Alf Olsen jr. forklarar at då det kom fram problemstillingar under informasjonsmøtet med grunneigarane var det naudsynt å ta dette opp og få ei klargjering frå NVE.

Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) seier seg einig med Øverland, og forventar at kommunen får saka opp til handsaming til 1. november, då han seier det ikkje skal vera slik at kommunen skal forsinke prosessen. 

Må motvirke skadevirkningane av klimaendingane

Øverland legg til grunn at klimaendringane har komen for å bli og at flaum vil bli ein del av kvardagen framover. Difor er det viktig å førebygge skadeverknadane, og spesielt elvesikring. Eigeandelen i arbeidet til NVE ligg på opp til 20 prosent. Alt i forhandlingane med staten etter flaumen i fjor haust, vart det reist krav frå kommunanene som var flaumråka om at staten burde dekke denne eigeandelen, noko staten ikkje var villige til. 

– Det som er vanleg i slike tilfelle i andre kommunar, er at kommunane garanterer for eigeandelen og eventuelt søkjer regress hos grunneigar, sjølv om det siste ikkje er særleg vanleg då det er eit upopulært tiltak. Naturskadelova opnar for forskjellige fordelingar av eigeandelen. Me såg i Sogn Avis at kommunen vil legge heile eigeandelen på grunneigarane, noko som blir opplevd som urettferdig, seier Øverland, som spurde om Lærdal kommune vil endra holdninga si i denne saka.  

Rådmannen legg til at biletet er meir nyansert enn det Øverland legg fram, då grunneigarar på Austlandet stort sett dekker kostnadane til eigeandel, ikkje kommunen. 

– Ein må differensiere på kva område det gjeld. Til dømes har jorbruksområde og bustadsområde kvar sin praksis. Det beste hadde vore at me har nokre avtalar og ei forhandling rundt dette, då det er ei politisk avgjerd, seier Olsen jr. 

Øverland svarar Olsen jr. at det likevel er vanleg at kommunane gir garanti for utgiftene til elvesikring, noko han har sjekka ut med NVE. 

Vil få fleire vanskelege saker – må bli einig om framgangsmåte

MÅ OPP POLITISK: Rådmann Alf Olsen jr. og ordførar Jan Geir Solheim. 
MÅ OPP POLITISK: Rådmann Alf Olsen jr. og ordførar Jan Geir Solheim. 

Solheim seier det ikkje er tvil om at me får eit varmare, villare og våtare klima. Han forklarar at i denne saka har det vore enkelttilfelle som ein måtte behandla forskjellig, slik vil det også vera i nokre saker i framtida. 

– Det er mange år sidan Lærdal hadde eigne budsjettpostar for elveførebygging og eigeandelar. I det budsjettet me har vedteke har me ikkje sett av pengar til dette. Min intensjon er at dette blir løyst politisk så raskt som råd. Eg forstår det virkar urettferdig at nokre grunneigarar må betala store eigeandelar, seier Solheim. 

Solheim peikar på at kommunen veit det vil koma fleire vanskelege saker i tida framover, i tillegg må kommunen flaumsikre heile Lærdalsøyri. Solheim understrekar at kommunen må bli einige om korleis dei handsamar eigeandelen ved flaum. Likevel seier ordføraren at det er litt tidleg å gi svaret, i påvente av avklaringar frå NVE, men at han forventar saka raskt kjem opp til politisk handsaming. 

– For meg er det naturleg at me i Lærdal kommune tek tiltaksansvaret, og som Øverland peikar på, ein eventuell regress må koma etterpå, seier Solheim. 

Les også: Flyttar pengar frå flaumsikring til næringsområde

Til toppen