KRITISK: Lærdal Arbeidarparti mistenker ordførar Jan Geir Solheim (Sp) har ein skjult agenda med brakkeriggen på Borgund. Det seier leiar Kristen Olav Grøttebø. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen. 
KRITISK: Lærdal Arbeidarparti mistenker ordførar Jan Geir Solheim (Sp) har ein skjult agenda med brakkeriggen på Borgund. Det seier leiar Kristen Olav Grøttebø. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen. 

Ap: – Føler ordføraren har ein skjult agenda

Lærdal Arbeidarparti trur Jan Geir Solheim (Sp) har ein skjult agenda med brakkeriggen på Borgund. 

Lærdal: Etter eit møte med kommunestyregruppa onsdag går leiar i Lærdal Arbeidarparti, Kristen Olav Grøttebø, no ut og kritiserer handsaming av brakkerigg-saka på Borgund.

Måndag vedtok formannskapet med tre mot to røyster å gi dispensasjon til å setje opp ein brakkerigg som skal nyttast som asylmottak. Solheim har tidlegare uttalt i media at når bruken som asylmottak er over, så kan dette til dømes bli til eit motell.

– Me er forundra over at ordføraren ikkje har oppfatta kva som ligg i vedtaket. Me føler han har ein skjult agenda og at asylmottaket skal bli eit framtidig motell. Dispensasjonen er avgrensa til å gjelde så lenge bygningsmassen vert nytta som asylmottak, men ikkje lenger enn ti år, seier Grøttebø.

– Motell-drift vil krevja langt større parkeringsareal. Då må ein inn på idrettsplassen eller løyse ut privat areal i nærleiken. Om det ligg føre slike framtidige planar, burde plasseringa vurderast annan stad.

Artikkelen held fram under biletet.

MISNØYE: Før vedtaket blei gjort måndag, var det befaring på Borgund der naboane viste sin misnøye og stilte spørsmål ved korleis ein skulle løyse tilkomst og parkering.
MISNØYE: Før vedtaket blei gjort måndag, var det befaring på Borgund der naboane viste sin misnøye og stilte spørsmål ved korleis ein skulle løyse tilkomst og parkering.

– Spesielt

Vidare stiller han spørsmål rundt hastverket det er med å få sett opp brakkeriggen og minner om at tilkomst og parkering må løysast før ringmur blir sett opp, slik vedtaket seier. 

Arbeidarpartiet kritiserer også korleis saka vart handtert då det var kalt inn til ekstraordinært formannskapsmøte med Solheim som innkallar til saka. Etter å ha bemerka dette, vart det sendt ut ny innkalling med Gunn Beate Sjøtun som setteordførar.

– Det er spesielt når ordføraren sjølv kallar inn til ekstraordinært formannskapsmøte der han sjølv og varaordføraren (Trond Øyen Einemo journ. anm.) har slike interesser. Dette meinte me i Ap var feil og varsla rådmannen. Då kom det fort ei ny innkalling der ordføraren si partifelle plutseleg var blitt setteordførar.

Artikkelen held fram under biletet.

DEBATT: Brakkeriggen har skapt ein stor debatt blant lærdølene. Riggen, som skal ligge bak Postaabneriet Pub og Café, blir sjåande slik ut. Teikning: Høgeloft AS.
DEBATT: Brakkeriggen har skapt ein stor debatt blant lærdølene. Riggen, som skal ligge bak Postaabneriet Pub og Café, blir sjåande slik ut. Teikning: Høgeloft AS.

– Det må eg seia er spesielt – at ein lett hoppa over gjeldande lov og berre peikar på ein setteordførar utan at vedkomande vert valt. På møtet vårt vurderte me å krevje lovlegkontroll på innkallinga og krevje vedtaket omgjort, men me vurderte saka slik at når Senterpartiets representantar med Venstre på slep argumenterer som dei gjer, og ikkje bryr seg om formalitetar, så er det tvilsamt om saka hadde fått noko anna utfall i neste runde, held Grøttebø fram.

Må vera ekstra nøye

Leiaren i Ap legg også til at synest det er uheldig at rådmannen kom med det dei kalla partsinnlegg då han stilte spørsmål i møtet om dei to stevna til rideklubben skulle stå i vegen for tiltaket. 

Grøttebø understrekar at dei ikkje er imot eit asylmottak, men at dei er mest opptekne av at dette vert gjort riktig. 

– Når både ordførar og varaordførar er ugilde, så set det store krav til korleis kommuneadministrasjonen og dei kommunale organa handterer saka. Både for omdømmet til kommunen og ikkje minst for omdømmet til dei to fremste folkevalte. Denne saka eignar seg ikkje som hastesak, avsluttar han og varslar at Ap kjem til å krevje val av ein setteordførar som skal handtere saka i framtida på neste møte. 

Til toppen