Lærdal: Arbeidarpartiet fossar fram i Lærdal, ifølgje eit ferskt partibarometer som Sentio Research har laga for Porten.no. Eit utval på 250 personar vart spurde kva parti dei ville ha stemt på om det var val i morgon.

Ap fossar fram i Lærdal, passerer Sp i fersk måling
I 2015 gjorde Senterpartiet i Lærdal sitt beste val sidan krigen, og sikra nesten halvparten av stemmene. No ser det ut til at jarngrepet om ordførarklubba er i ferd med å losna.