INGEN GARANTI: Regjeringa vil hasteutnemne fylkesmenn i dei nye regionane allereie før sommaren, men utnemningane kan bli omgjort dersom Ap vinn valet til hausten, seier Helga Pedersen. Foto: Flickr/Arbeidarpartiet.
INGEN GARANTI: Regjeringa vil hasteutnemne fylkesmenn i dei nye regionane allereie før sommaren, men utnemningane kan bli omgjort dersom Ap vinn valet til hausten, seier Helga Pedersen. Foto: Flickr/Arbeidarpartiet.

Ap garanterer ikkje at hasteutnemnde fylkesmenn beheld jobben

Regjeringa vil hasteutnemne fylkesmenn i dei nye regionane allereie før sommaren, men utnemningane kan bli omgjort dersom Ap vinn valet til hausten.

Leikanger: – Vi kan ikkje stille oss bak ein ny region- og fylkesmannsstruktur som ein stor del av fylka har sagt nei til, og som berre halve Stortinget stiller seg bak, seier Arbeidarpartiets nestleiar Helga Pedersen til Klassekampen.

Ho har varsla at partiet vil skrote heile regionkartet til regjeringa, og dermed droppe den nye fylkesmannsstrukturen, dersom dei vinn stortingsvalet og overtar regjeringsmakta til hausten.

Regjeringas regionreform inneber at dei 19 fylka blir reduserte til 10 eller 11 regionar. Det betyr også at talet på fylkesmenn blir redusert frå 17 til 11 frå 1. januar 2019.

Statssekretær Paul Chaffey (H) i Kommunal- og moderniseringsdepartementet ser ingen grunn til vente med å lyse ut dei nye embeta, og seier dei nye fylkesmennene med ei tidleg avklaring vil ha god tid til å bli kjent med embeta, kommunane og andre samarbeidspartnarar før dei tiltrer.

(©NPK)

Til toppen