PÅ LANDSMØTET: Hilmar Høl stilte opp på landsmøtet til Ap i vår som fylkesleiar, landsstyremedlem og stortingskandidat. No er det kampen om stortingsplassen som gjeld.  Pressefoto. 

meiningar

PÅ LANDSMØTET: Hilmar Høl stilte opp på landsmøtet til Ap i vår som fylkesleiar, landsstyremedlem og stortingskandidat. No er det kampen om stortingsplassen som gjeld. Pressefoto.  (Foto: Arbeidarpartiet)
meiningar

Stortingsvalet 2017

AP-Hilmar for indresogningar

Leiar i Sogndal Ap, Odd Urdal Bjelle, argumenterer i dette lesarinnlegget for kvifor Hilmar Høl bør inn på Tinget.

Til Stortingsvalet 11.september skal innbyggjarane i Sogn og Fjordane velgga 4 representantar. Dei to første mandata vil nok gå til Arbeiderpartiet og Senterpartiet, medan 4.plassen er eit utgjamningsmandat som vil vera avhengig av røystetalet på landsbasis.

Kampen om det viktige 3.mandatet vil stå mellom indresogningen Hilmar Høl frå Arbeiderpartiet og sunnfjordingane Steinar Ness frå Senterpartiet og Frida Melvær frå Høgre. 

Eksempel på politiske skiljeliner mellom desse kandadatane finn me i m.a handsaminga av salet av Fjord 1, tidlegare Fylkesbaatane. Medan Hilmar og AP-gruppa i fylkestinget stemde imot dette salet, fekk Senterpartiet og Høgre fleirtalet for at Fjord 1 skulle seljast. Resultatet av dette ser me no i at selskapet er kome på børsen og går så det susar. Eit ressurstap for fylket. 

Hilmar er frå Årdal med slektsrøter frå Høl i Sogndal. Han har arbeidd i industrien og vore ein aktiv deltakar i fagrørsla. Hilmar har vore aktiv i politikken i lengre tid og sit no i kommunestyret i Årdal og i fylkesutvalet/fylkestinget. Hilmar er og leiar i Sogn og Fjordane Ap og har gjennom det vervet vore eit godt talerøyr for oss inn mot sentrale styresmakter. 

Som næringspolitikar er Hilmar oppteken av å styrka Sogneregionen med tilrettelegging for både statlege og private arbeidsplassar. Som eksempel på dette kan nemnast arbeidsplassane i Leikanger, Høgskulen, Fosshaugane Campus, Kunnskapsparken og Vitensenteret på Kaupanger. Hilmar er oppteken av skulen og er redd for at for mange som slit med å fullføra skuleløpet ikkje får nok oppfølging.

Eit anna hjartebarn for Hilmar er yrkesfaga. Han er glad for at Ap vil løyva ein milliard til å styrka dette faget. Hilmar meiner at det er urimeleg at vårt fylke som produserer mykje av vasskrafta betalar høgare straumrekningar enn andre. Denne urettskapen vil han arbeida for å retta opp slik at me som bur i dette fylket får nedsett lettleige. 

Indresogningar treng Hilmar på Stortinget. Godt val! 

– Odd Urdal Bjelle, leiar i Sogndal Ap –

Til toppen