VINNARANE: Tysdag besøkte Jonas Gahr Støre Årdal. Same dag blei det klart at Arbeidarpartiet gjer sitt beste skuleval nokonsinne. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
VINNARANE: Tysdag besøkte Jonas Gahr Støre Årdal. Same dag blei det klart at Arbeidarpartiet gjer sitt beste skuleval nokonsinne. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Ap klar vinnar i skulevalet

Arbeidarpartiet knuser Høgre og er nesten dobbelt så stort som regjeringspartiet i skulevalet i år. Også Frp nærmar seg katastrofetal, medan SV har framgang.

Årdal/Lærdal: Arbeidarpartiet går fram heile 8,9 prosentpoeng frå 23 til 31,9 prosent og gjer sitt beste skuleval nokosinne.

Høgre fell på si side katastrofale 11,8 prosentpoeng samanlikna med skulevalet før stortingsvalet i 2013. Partiet fekk 28,2 prosents oppslutnad for to år sidan, men må ta til takke med berre 16,4 prosent i år.

Frp mister ein tredel av skuleveljarane sine og fell 5,1 prosentpoeng til 10,5 prosent, det dårlegaste resultatet i eit skuleval for partiet nokon gong.

Framgang for SV

Det er blitt halde skuleval sidan 1989. Resultata er samanlikna med skulevalet før stortingsvalet for to år sidan.

For dei andre partia er resultatet som følgjer: Sosialistisk Venstreparti 7,5 (+2,5), Miljøpartiet Dei Grøne 6,7 (+2,9), Venstre 6,5 (-0,2), Senterpartiet 5,5 (+1,3), Rødt 4,8 (+1,1), Piratpartiet 4,1 (-0,2), Kristeleg Folkeparti 3,2 (+0,4), Pensjonistpartiet 0,9 (+0,3), Kystpartiet 0,5 (0,0), Partiet De Kristne 0,5 (-0,1).

371 deltakarskular hadde tysdag levert inn valresultata sine, ein kraftig nedgang frå 419 i 2013. Dette kan likevel auke noko ettersom det er venta at nokre skular kjem til å rapportere inn resultata sine i dagane som kjem.

Færre stemmer

Totalt er det talt opp 143.942 stemmer, dryge 7.000 færre enn for to år sidan. Deltakarprosenten har også gått litt ned, frå 81,1 prosent i 2013 til 80,7 prosent i år.

Det var påmeldt 190.000 elevar frå 412 skular til skulevalet i år, det høgste elevtalet nokon gong.

Skulevala blir arrangert av Norsk samfunnsvitskapleg datateneste (NSD) på oppdrag for Utdanningsdirektoratet. Valet i år var det 15. i rekkja. (©NTB)

Til toppen