AP krev breibandsløft for næringsliv og familiar

MEININGAR

AP krev breibandsløft for næringsliv og familiar

Hilmar Høl og Torbjørn Vereide meiner vi er på feil veg mot ei klasseskilje mellom by og land når det gjeld tilgang til godt breiband.

Meining: Tilgangen på eit godt breiband har vorte avgjerande for både familiar og næringsliv. Ikkje minst i distrikta. Med dagens kurs er vi diverre på veg mot eit digitalt klasseskilje mellom by og land. Dette vil bety mykje for både familiar og næringsutvikling, og det er difor på tide med ei positiv justering av kursen. 

Vi er mange som hugsar orkesteret av piping, skraping og unotar når det gamle modemet skulle kople seg opp på internettet. Tilgangen var ustabil og nettet var knotete. Sidan den tid er det mykje positivt som har skjedd. Hastigheita har auka betrakteleg og tilgangen eit godt og stabilt nett har blitt viktig for næringsutvikling og familiar. 

Ikkje minst har tilgangen på nett i nyare tid blitt ein viktig faktor for å motverke sentralisering av arbeidsplassar frå staten og næringslivet. Om vi har eit godt nett kan mange oppgåver likegodt gjerast herifrå, som i Oslo. Det gjere det berre enda viktigare å skru opp tempoet på utbygginga i distrikta. 

I dag får 98 prosent av husstandane i tettbygde strøk høgkapasitets breiband, medan distrikta berre får eit tilsvarande tilbod i 49 prosent av husstandane. Regjeringspartia vil overlate utbygginga til marknaden framfor å stille opp med pengane på statsbudsjettet. Frå 2014 til 2017 blei det søkt om støtte til 587 breibandsprosjekt. 450 fekk avslag. 

Tilgang til godt breiband er avgjerande

Breiband er ein infrastruktur som må kome alle til gode. Difor meiner vi at:

  1. Breiband til alle bør være en ambisjon i Nasjonal Transportplan (NTP). Det er der vi brukar dei store pengane på infrastrukturen i landet vårt, og det er der vi bør sette ambisjonen for ei digital satsing som alle kan få nytte og glede av.

  2. Telenors planar om å fase ut koparnettet må setjast på vent fram til dei tusenvis av familiane i distrikta som risikerer å miste all internettforbindelse, får eit alternativ.
     
  3. Og ikkje minst: Vi må bruke meir pengar på breibandsutbygging i statsbudsjettet. Det er difor vi sette av 500 millionar kroner til breiband i vårt alternative budsjett for 2019. Og det er difor vi kjem til å satse meir peng på dette enn Høgre i tida som kjem.

Vi bur i eit land med store avstandar, men vi er og eit land med store moglegheiter. Om vi spelar korta våre riktig kan Vestlandet få nye og spennande arbeidsplassar over heile fylket. Då vil tilgangen på eit godt og stabilt nett vil vere avgjerande. Både med statelege og lokale arbeidsplassar. 

Då må det satsast meir, og det må satsast meir rettferdig. Det fortener familiar og næringsliv. I heile Vestland.

  • Hilmar Høl, Sentralstyremedlem og ordførarkandidat i Årdal Arbeidarpartiet
  • Torbjørn Vereide, Fylkestingskandidat i Vestland Arbeidarpartiet
Til toppen