Årdal: Eit fleirtal på landsstyret til Arbeidarpartiet går inn for at Norge sluttar seg til Acer, energibyrået til EU. Dersom stortingsgruppa gjer det same, vil Arbeidarpartiet vera med å sikra regjeringa fleirtal i saka.
Samtidig som partiet gav sitt EU-ja, stiller dei òg krav om at det skal vera norsk kontroll over vassressursane.
Vonbrot i Årdal
I februar tok industriarbeidarar frå Årdal turen til hovudstaden for å demonstrera mot ACER. Den lokale skepsisen har vore stor, både frå politisk hald og frå dei fagorganiserte.
– Me har nett fått beskjeden. Me er skuffa over vedtaket og er redde for den prisoppgangen som er spådd, seier nestleiar Andreas Bakken i Årdal Kjemiske Fagforening til NRK.
Også Aleksander Øren Heen (Sp) er skuffa.
– Og eg som trudde Ap var ein god alliert når det gjaldt kraft og nasjonal styring over energiressursane våre, skriv han i eit innlegg på si eiga Facebook-side.
Han meiner det er naivt å tru at det ikkje medfører tap av sjølvråderetten å slutta seg til energibyrået.
Ap vil stilla ei rekkje krav
Blant krava Ap stiller før dei kan bli med på det europeiske energisamarbeidet, finn me mellom anna desse punkta:
- Det skal vera nasjonal kontroll over vasskraftressursane
- Minst to tredelar av vasskrafta skal vera offentleg eigd
- Norsk fornybar kraft skal bidra til verdiskaping og sysselsetting i Norge
- Norske styresmakter skal avgjera om det skal byggast fleire utanlandskablar.
– Eg er optimistisk med tanke på å få innfridd desse krava, på grunnlag av dei forhandlingane som pågår i Stortinget, sa partileiar Jonas Gahr Støre på ein pressekonferanse tidlegare i dag.