SLUTT PÅ SMIL: Trass i smil på starten av valsendinga, enda ordførar Petter Sortland opp med eit resultat for Ap som han karakteriserer som overraskande og uventa..
SLUTT PÅ SMIL: Trass i smil på starten av valsendinga, enda ordførar Petter Sortland opp med eit resultat for Ap som han karakteriserer som overraskande og uventa.. (Foto: Vilde Grimelid Oppedal)

KOMMUNEVALET 2019

Stor tilbakegang for Ap i Høyanger, Sortland: – Skuffande

Valresultatet syner at Ap får 42,1 prosent oppslutning, medan Sp som nest største parti får 30,7 prosent. Også Raudt har gjort eit godt val. 

Høyanger: Med 23,3 av stemmene opptelt i Høyanger ligg Arbeidarpartiet (Ap) an til å behalde det reine fleirtalet i kommunestyret med 11 av 21 representantar. 

– Det er klart dette er bra tal for oss, men mykje kan framleis skje, seier sitjande ordførar Petter Sortland (Ap). 

Han understrekar at Ap også er innstilt på å samarbeide med andre. 

– Viss me ikkje får reint fleirtal, ser me til Raudt, SV og SP for samarbeid, seier Sortland. 

Ap får ifølgje den første valdagsmålinga til NRK 50,4 prosent av stemmene. Sp får 20,7 prosent, Raudt 13,5 prosent, Høgre 9,8 prosent og SV 5,7 prosent. 

Dersom målingene held seg vil det gje fire mandat til Sp, 3 til Raudt, 2 til Høgre og 1 mandat til SV. 

– Ikkje nøgde

Det endelege valresultatet vart ikkje like lystig for Ap. Partiet mistar to mandat i kommunestyret og har med det ikkje lenger reint fleirtal. Ap har gått ned 6,6 prosentpoeng sidan førre val, og får tilsaman ni mandat etter valet. 

Ordførar Petter Sortland er ikkje nøgd med resultatet. Han synest det er vanskeleg å seie på noverande tidspunkt kva som er årsaka til resultatet. 

– Det er skuffande, me er ikkje nøgde, seier ordføraren

Han trur resultatet reflekterer den dårleg trenden til Ap nasjonalt.

– Me har tapt om lag det som Ap gjer på dei nasjonale målingene. Me har ikkje hatt dei heilt store stridssakene i kommunen dei siste fire åra, så eg trur ikkje det er årsaka heller. Det er overraskande og uventa. Eg er litt skuffa, seier Sortland. 

Han reknar med Ap blir sitjande med ordføraren framleis, og at han dermed kan ta til på ein ny periode i vervet. 

Sp og Raudt går fram

Sp går med 30,7 prosent fram 6,8 prosentpoeng. Partiet sikrar med det seks mandat i kommunestyret, ein auke frå dagens fem. 

Ifølgje ordførarkandidat Geir Helge Østerbø har det vore målet til partiet å få inn fleire mandat enn det har hatt i førre valperiode, noko det no har lukkast med. 

Raudt får 12,2 prosent og ser ut til å auke frå to til tre mandat i kommunestyret. Det er lenge sidan partiet har vore så sterkt, og det har auka oppslutningen med fem prosentpoeng sidan førre val. 

Høgre får 9,8 prosent og beheld to mandat i kommunestyret, medan SV får 5,3 prosent og kjem inn med eitt mandat. 

Valdeltakinga var på 66,7 prosent. 

Til toppen