OVERRASKA: Helga Pedersen er overraska over at ikkje sentrumspartia har lagt meir makt bak krava. Arkivfoto
OVERRASKA: Helga Pedersen er overraska over at ikkje sentrumspartia har lagt meir makt bak krava. Arkivfoto

Ap mistenkjer at regionreforma er første steg mot nedlegging

Ap-nestleiar Helga Pedersen mistenkjer at den nye regionreforma berre er eit første steg på vegen mot å legge ned det regionale folkevalde nivået.

Regjeringa og samarbeidspartia la onsdag fram eit nytt kart over kommunar og fylke. Her blir dei 19 fylka slått saman til ti eller elleve regionar. 426 kommunar blir redusert til 358.

– Eg er overraska over at sentrumspartia ikkje har lagt meir makt bak krava. Og eg mistenkjer at det som er lagt fram no, er eit ledd i Høgres og Frps mål om å legge ned det regionale folkevalde nivået, som dei har vore veldig tydelege på at dei ønskjer, og som framleis står i deira partiprogram, seier Helga Pedersen til NRKs Politisk kvarter fredag morgon.

KrFs Geir Toskedal avviser at reforma er første steg på vegen mot avvikling av regionnivået.

– Nei, det blir det ikkje. Dette har Venstre og KrF forhandla inn i avtalen med regjeringspartia. Skulle dei få sin kommunereform, så har vi vår regionreform, og det står vi saman om, seier han.

Helga Pedersen saknar klare svar på kva oppgåver dei nye regionane skal få, og spør spesifikt om KrF har fått gjennomslag for at ansvaret for vidaregåande opplæring, kollektivtrafikk og tannhelsetenesta ikkje skal overførast til kommunane, noko stortingsfleirtalet gjekk inn for for to år sidan.

– Det ligg allereie inne i porteføljen tilfylkeskommunane, og det er med vidare, seier Toskedal.

Når det gjeld spørsmålet om nye regionar også inneber nye valdistrikt, er det noko som må tilarbeidast vidare politisk, seier KrF-representanten. Han innrømmer likevel at alt ikkje er heilt på stell med regioninndelinga tilregjeringa.

– Det regionkartet som ligg føre no, er ikkje heilt godt, og må jobbast vidare med i eit utval for å kanskje finn ei endå betre løysing, seier han.

(©NPK)

 

Til toppen