FRAMLEIS OPE: 6. juni møter representantskapet i Sogn og Fjordane Ap for å ta stilling til dei vil prøve å stoppe ei samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland.
FRAMLEIS OPE: 6. juni møter representantskapet i Sogn og Fjordane Ap for å ta stilling til dei vil prøve å stoppe ei samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland.

Ap-nei til Vestlandet framleis i det blå

– Eg skal ikkje i allefall ikkje forskottere noko avgjerd i den saka.

Leikanger/Årdal: Sjølv om ikkje all verda stod på spel har det likevel blitt knytt stor prestisje til kvar Fylkesmannen i Hordaland og Sogn og Fjordane skal ha hovudsete, ikkje minst fordi det har vore eit premiss for samanslåinga av dei to fylka.

Mellom anna har Sogn og Fjordane Ap trua med å gå mot samanslåing med Hordaland fordi dei meiner sentrale punkt i intensjonsavtalen ikkje blir følgde opp frå sentralt hald. 

Leiar Hilmar Høl vil ikkje seie kva dagens avgjerd vil bety i så måte. 

– Dette får du ikkje ja eller nei frå meg på i dag. Det handlar først og fremst om prosessen som har vore med reforma. Me reagerer på at det ikkje er nokon plan på kva oppgåver regionane skal få eller når regionane skal få oppgåver, seier han og strekar under at det sjølvsagt er bra at Sogn og Fjordane får hovudsetet.

Les også: Leikanger blir hovudsete for Fylkesmannen

Representantskapet i Ap har møte der dei tek ei avgjerd 6. juni.

Ordførar på Leikanger, Jon Håkon Odd, vil ikkje spå kva som blir utfallet.

– Dagens nyheit er eit moment og eitt av premissa i avtalen mellom dei to fylka er no oppfylt. Samstundes er det fleire områder regjeringa ikkje har levert på. Spesielt når det gjeld kva oppgåver som den nye vestlandsregionen vil få. Eg skal ikkje i allefall ikkje forskottere noko avgjerd i den saka, seier han.

Ein som derimot er klar på at dagens avgjerd ikkje endrar noko, er Alexander Øren Heen, representant på fylkestinget for Senterpartiet. Han er som før mot den nye regionen.

– At fylkesmannen skal ha sete i Sogn og Fjordane er sjølvsagt bra, viss det blir trua gjennom ei reform. Men det veg ikkje opp for den usikkerheita som rår på mange av dei andre punkta. Det gjeld ikkje minst SFE og kraftverdiane våre. Det er framleis heilt i det blå kva som skjer med dei i den nye regionen. At me ikkje gir frå oss kontrollen på arvesølvet vårt er noko som betyr mykje for veldig mange av innbyggjarane våre, seier Øren Heen, som seier han ikkje har fått større tillit til at det vil kome fleire oppgåver til fylket seinare, basert på dagens avgjerd.

 

Til toppen