Det gjeldande programmet seier i motsetning til tidlegare Ap-program ingen ting om nynorsk eller mål for språkpolitikken. Denne gongen støtta landsmøtet framlegget frå programkomiteen om å ta inn setninga om språk og nynorsk i partiprogrammet for 2017–2021.
Leiar Magne Aasbrenn i Noregs Mållag er glad for at Arbeidarpartiet no klargjer at nynorsken skal «sikres gode utviklingsmuligheter», men merkjer seg samtidig at Ap i skulepolitikken går inn for fleire forsøk med alternative vurderings- og eksamensformer.
– Noregs Mållag legg til grunn at sidemålsordninga ligg fast. Dersom det ikkje er tilfelle, meiner vi Arbeidarpartiet bør avklare dette i god tid før valet, seier Aasbrenn.
Han håper likevel at Ap etter valet vil støtte nynorskelevane i skulen.
– Dei fortener betre vilkår og meir språkleg rettferd enn dei får i dag. Det håper eg Ap kan seie seg einig i, seier mållagsleiaren.
Eit forslag frå lokallaget i Bergen om å leggje til at nynorsken «skal styrkes i skole og samfunn», kom ikkje med i det endelege partiprogrammet. Det gjorde heller ikkje eit framlegg til utvida formulering om språkpolitikken frå Oslo Arbeidersamfunn.
(©NPK)