FREDE ORDNING: Arbeidarpartiet ønsker å frede ordninga som sikrar Hydro og andre industribedrifter kompensasjon for høge kraft- og karbonprisar. Ordninga går ut i 2020.​ Foto: Norsk Hydro.
FREDE ORDNING: Arbeidarpartiet ønsker å frede ordninga som sikrar Hydro og andre industribedrifter kompensasjon for høge kraft- og karbonprisar. Ordninga går ut i 2020.​ Foto: Norsk Hydro. (Foto: Arkiv)

Ap vil frede kraftstøtte

Arbeidarpartiet ønsker å frede ordninga som sikrar Hydro og andre industribedrifter kompensasjon for høge kraft- og karbonprisar. Ordninga går ut i 2020.

Årdal: Rundt 40 norske bedrifter som blir drivne av miljøvennleg fossekraft får kompensasjon gjennom ordninga. Arbeidarpartiets energipolitiske talsmann Terje Lien Aasland bekreftar overfor Dagens Næringsliv at partiet ønskjer å frede kompensasjonen for den neste stortingsperioden. 

– Vi må utnytte det handlingsrommet som finst og sikre at Noreg blir verande ein attraktiv vertsnasjon for kraftkrevjande industri. Vi gir ei klar utfordring til Høgre. Partiet må avklare kva det ønsker å gjere med ordninga etter 2020, seier Aasland.

Tidlegare har Solberg-regjeringa vurdert å halvere tilskota, men landa på å behalde støtta inntil vidare. Høgres energipolitiske talsmann Odd Henriksen seier partiet vil legge til rette for kraftkrevjande industri også etter 2020, men lovar ikkje at subsidiane vil bestå.

 –Å gi ein garanti for CO2-kompensasjonsordninga, tør eg ikkje, seier Henriksen.

(©NPK)

Til toppen