BÅDE OG: Leiar i Årdal Arbeidarparti, Marie Helene Hollevik Brandsdal, ønskjer seg både eit levande torg og gode parkeringstilhøve. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
BÅDE OG: Leiar i Årdal Arbeidarparti, Marie Helene Hollevik Brandsdal, ønskjer seg både eit levande torg og gode parkeringstilhøve. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Ap: – Vil ha både levande torg og gode tilhøve for parkering

Leiar i Årdal Arbeidarparti seier ja takk, begge deler når det gjeld torgkvartalet i Øvre Årdal. Ideelt sett ønskjer ho seg både eit levande torg og gode parkeringstilhøve.

Årdal: I mai sa formannskapet i Årdal ja til å etablere 32 nye mellombelse parkeringsplassar på Jotunplassen etter ønske frå næringa. I same møtet kom Arbeidarpartiet med forslag om å fjerne parkeringsplassane rett utanfor inngangen til Årdalsenteret som ein kompensasjon til det dei hadde sagt ja til.

I staden ønskjer Ap å gjere plassen om til eit torg som «kan nyttast til betre føremål med aktivitetar i nærleiken av Årdalsenteret». No er planen sendt ut på høyring. 

– Det hasta å få desse plassane opp før sommaren. Og det var Ap som fekk det til så kjapt. Så har me heile tida tenkt at torget både i Øvre Årdal og på Årdalstangen skal tilretteleggjast betre for gåande og syklande og for aktivitet. Også sidan bussen stoppar her, seier Brandsdal.

Forslaget har ikkje falle i god jord hjå Coop Norge Eiendom AS som eig Årdalsenteret. Til Porten.no seier eigedomssjef for Årdalsenteret, Svein William Nilsen, at han er uroa på vegne av leigetakarane og kallar forslaget «håplaust».

– Dess meir aktivitet, dess betre for handelen

Brandsdal på si side peikar på at Miljøpariet Dei Grøne ønskte å stengja parkeringsplassen framfor Gamleskulen med det same. Det såg ikkje Ap på som hensiktsmessig.

Les også: Vurderer å fjerne parkeringsplassane: – Eit håplaust forslag

– Men på sikt kan det vera aktuelt, for me opplever og får innspel på at den parkeringsplassen nærast senteret er den mest trafikkfarlege og at det er vanskeleg å ta seg fram her for rørslehemma med alle fortauskantane. Både den og parkeringsplassen utanfor Gamleskulen har vorte vurderte, seier ho og meiner tilrettelegging for torghandel og aktivitetar kan koma butikkane til gode.

– Dette kombinert med eit grøntområde og god tilretteleggjing for gåande og syklande vil vera positivt for handelsnæringa. Dess meir aktivitet, dess betre for dei. Eg har også snakka med folk frå næringa som er positive til dette. Eg skal ikkje leggja skjul på at eg ønskjer meg begge deler – både eit bra område for aktivitet og ei god parkeringsløysing for verksemdene.

Skulle helst sett at nokon investerte i parkeringar

Ap-leiaren seier dei uansett vil sjå nøye på alle innspela som måtte kome i høyringsrunden, men meiner samstundes at det ikkje er  mykje lengre å gå frå Jotunplassen. 

– Det er 30 meter ekstra. Eg håpar iallfall at det blir god dialog i saka og at me i fellesskap kjem fram til noko som blir bra for alle partar.

– Det mest ønskjelege er at nokon investerte i Jotunplassen, anten i form av ein parkeringskjellar eller eit parkeringsloft. Der er me ikkje i dag, så i staden for at det er ein liten grøn flekk som ikkje blir nytta til noko, er det betre at me mellombels nyttar heile plassen til parkering.

Ingen klar plan for eventuelt torg

– Dersom nokon vil etablera seg her og vil byggja noko anna enn parkeringsplassar endar ein jo til slutt opp med vesentleg færre viss ein no legg ned plassane ved senteret?

– Då må me koma tilbake att til det. Me har alltid moglegheit for å leggja til rette etter kvart som ting skjer. Det finst andre område det kan lagast parkeringsplassar på som Elvavegen og utanfor ungdomshuset mellom anna.

– Er det nokon klar plan på kva som skal koma der det er parkeringsplassar i dag utanfor senteret dersom dette blir bilfri sone? 

– Det er ikkje noko klart anna enn at me vil leggja til rette for eit levande torg og aktivitetar.

Til toppen