DISKUSJONAR: Formannskapsmøtet, som starta før kommunestyret torsdag 17. desember, måtte også halde fram i etterkant, for at formannskapet skulle finne ut kvar vegen skal gå vidare. Frode Myklebust (V) (f.v), som var vara for Trond Øyen Einemo (H), Gunn Beate Sjøthun (Sp), samrøystes vald til møteleiar, Gro Starheimsæter, vara for Jan Geir Solheim, Annike Vanberg (SV) og Kåre Mentz Lysne (Ap).  Foto: Ina Eirin Eliassen
DISKUSJONAR: Formannskapsmøtet, som starta før kommunestyret torsdag 17. desember, måtte også halde fram i etterkant, for at formannskapet skulle finne ut kvar vegen skal gå vidare. Frode Myklebust (V) (f.v), som var vara for Trond Øyen Einemo (H), Gunn Beate Sjøthun (Sp), samrøystes vald til møteleiar, Gro Starheimsæter, vara for Jan Geir Solheim, Annike Vanberg (SV) og Kåre Mentz Lysne (Ap).  Foto: Ina Eirin Eliassen

Ap: Vil løfte sak om asylmottak for mindreårige opp politisk

Formannskapet var delt i to, då dei drøfta omregulering av tomt for å nytte til asylmottak for mindreårige på Borgund. Over nyttår skal formannskapet på synfaring av tomta og saka kjem oppatt på ny. 

Lærdal: Både ordførar Jan Geir Solheim (Sp) og varaordførar Trond Øyen Einemo (H), var ugilde då formannskapet torsdag drøfta søknaden om mellombels dispensasjon frå reguleringsplan for å legga asylmottak for einslege mindreårige i sentrum av Borgund. 

I lag med tre andre, har Solheim og Einemo oppretta eit selskap, og teke eit privat initiativ til å oppretta asylmottak. 

– Aldri fått inn så mange spørsmål til ei sak

Det som kunne vore ei grei sak om omregulering av ei tomt i sentrum av Borgund, kasta opp fleire problemstillingar, der både Ap, SV og V ønskjer meir informasjon. 

Kåre Mentz Lysne (Ap) sat med fleire spørsmål han ønskjer ei utgreiing på i ei sak. Det handla om kommunen kan drifte eit asylmottak i eigen regi, tilkomst for rideklubben om asylmottaket blir liggande bak Postaabneriet Pub og Café, og om det finst andre alternativ til tomtar på Borgund. Han merka seg også at det har skjedd endringar på storleiken av bygget etter nabovarsel gjekk ut, og lurte på om dette var så vesentlege endringar at det krev nye nabovarsel. Lysne ønskte at formannskapet reiser på synfaring i januar, og kanskje å vurdere å ta saka opp til handsaming i kommunestyret. 

– Dette er ei stor sak, som det er umogleg å handsame i dag. Me har aldri fått så mange spørsmål til ei sak, seier Lysne. 

Annike Vanberg (SV) seier seg einig med Ap. 

– Her treng me meir tid til utgreiing av saka, og ein bør først finne ut om mottaket kan drivast i kommunal regi, både med tanke på ansvar og inntekter. Det er spesielt at det er ordførar og varaordførar som tek dette initiativet privat, og det er viktig å gjera ting riktig, seier Vanberg.

– Sjokkert

Gro Starheimsæter (Sp) seier ho er sjokkert over SVs tilnærming, og meiner Vanberg går seg vekk. 

– Det er snakk om ei enkel sak om dispensasjon frå reguleringsplanen, seier Starheimsæter og rettar spørsmål til rådmann Alf Olsen jr. om det er mogleg for kommunen å drive eit asylmottak. 

Olsen jr. meiner det ikkje er ein god idé. Han peikar på at det er krevjande å bemanne opp, så ned att, ettersom behovet endrar seg. Likevel forklarar han at han ikkje kan gi eit betre svar på dette tidspunktet, då den siste tida har gått med til  arbeidet med kommuneøkonomien. 

– Toget er på veg til å gå

– Det er få kommunar som vel å drive i eigen regi, og ein må vera klar over at det ligg risikoar i å gjera det. Om kommunen skal ta driftsansvaret, vil saka ta tid. Her står det nokon som er klare til å sette i gang. I tillegg har initiativtakarane behov for å gi tilbakemelding til Hero AS og Utlendingsdirektoratet (UDI), seier Olsen jr. 

– Kva er konsekvensen av å ta saka oppatt i eit ordinært møte i slutten av januar, spør Starheimsæter, og får til svar frå rådmannen at då er toget på veg til å gå. 

Gunn Beate Sjøthun (Sp) minner om at med flyktningkrisa er landet i ein spesiell situasjon. Ho peikar også på at det er snakk om fleire arbeidsplassar i kommunen og at etableringa kan ha postive ringverknader på Borgund. 

– Saka er kanskje ikkje så ryddig som me hadde ønskt, men det er slik stoda er. Av og til er det situasjonar og tider som krev at ein må vera litt spenstigare. Er faren for at nokon tenar på dette den største? Har kommunen moglegheit til å ta ansvaret? Me må også ta med oss tidsaspektet, dette hastar, seier Sjøthun. 

– Etisk skvis

Frode Myklebust (V) tykkjer saka er i ein etisk skvis, men til eit edelt føremål. Likevel tykkjer han at han sitt med for lite informasjon. 

– Eg kunne tenkt meg ein prosess slik som Ap, men UDI pressar på og tidsaspektet Ap skisserer kan gjera at det ikkje blir noko av. Me kan heller ikkje bli så formelle at ting renn ut i sanda. Eg trur nok heller ikkje kommunen er rusta til å ta ansvar for eit asylmottak, då budsjetta stryper alt, seier Myklebust, som også løfta spørsmål om asylmottaket kan stå betre på Lærdalsøyri. 

– De gjer dette veldig vanskeleg

Starheimsæter peika også på at det er for- og bakdelar med å vente. 

– Dei slit med å forsikre brakka. Å tru at initiativtakarane vil sita med bygget mens dei ventar på dispensasjon, trur eg er blåøygd. Då blir fort risikoen så stor at det er berre å gløyme heile prosjektet. Brukar me for lang tid, er det folk som ikkje får hjelp sjølv om me kunne gitt den. De gjer dette veldig vanskeleg, seier ho. 

Rådmannen lagar på bakgrunn av drøftinga til ei sak så raskt som råd på nyåret, der formannskapet også ønskjer å få ei vurdering på om mottaket kan drivast i kommunal regi. Formannskapet ønskjer også ei synfaring av eigedomen på Borgund.

Til toppen