MEIR: I tillegg til satsing på miljøferger vil Ap i sitt alternative statsbudsjett gje to milliardar kroner meir til kommuneøkonomien og éin milliard ekstra til å styrkje sjukehussektoren. Her stortingsrepresentant Jette Christensen saman med årdalsordførar Arild Ingar Lægreid. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes

Ap vil løyve millionar til miljøferjer på Vestlandet

100 millionar kroner til bygging av el-ferjer er mellom krisetiltaka Arbeidarpartiet føreslår for å skape fleire arbeidsplassar på Sør- og Vestlandet.

  • Endret

I sitt alternative statsbudsjett varslar partiet éin milliard kroner meir til Sør- og Vestlandet enn regjeringa har gjort i sin tiltakspakke, skriv  Bergens Tidende. Stortingsrepresentant Jette Christensen lovar at budsjettet til Ap vil gje fleire arbeidsplassar på Vestlandet enn forslaget frå regjeringa.

– Det er både meir pengar og ikkje minst meir målretta pengar. Regjeringa har ikkje kunna garantere at pengane dei set av, faktisk går til dei hardast ramma områda. Vi har ei konkret liste med prosjekt, hevdar Christensen.

På lista over føreslegne tiltak finn ein mellom anna 100 millionar kroner til å byggje el-ferjer, 150 millionar til karbonfangst, -lagring og transport, 250 millionar til fylkesvegar og 80,4 millionar til nye tiltaksplassar på Sør- og Vestlandet.

– Dette er nye tiltak som vil gje arbeidsplassar ved mellom anna verfta. Vi kan byggje nye, miljøvennlege ferjer og samtidig halde folk i arbeid. Karbonfangsten gir også arbeidsplassar direkte til Vestlandet, seier Christensen.

I det alternative budsjettet føreslår Ap også to milliardar kroner meir til kommuneøkonomien og éin milliard ekstra til å styrkje sjukehussektoren. (©NPK)

Til toppen