GIRER NED: Arbeidarpartiet gjorde eit forsøk på gire opp prosessen og sikre at nattestenging av fylkesveg 53 vart nedprioritert, men fekk ikkje gjennomslag. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
GIRER NED: Arbeidarpartiet gjorde eit forsøk på gire opp prosessen og sikre at nattestenging av fylkesveg 53 vart nedprioritert, men fekk ikkje gjennomslag. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Ap ville skjerma mot nattestenging

Fekk ikkje fleirtal for framlegget om å skjerma mot nattestenging av fylkesveg 53 i samferdsleutvalet.

Årdal: – Vedtaket i dag vart at ein på møtet i slutten av september skal koma med ei rangering av alle kuttframlegga. Altså må alle parti fram til då vurdera konsekvensane av framlegga som ligg føre, seier Noralv Distad, leiar for samferdsleutvalet i fylkeskommunen.

Frå nivå 1 til nivå 3

Etter endringane i inntektsystemet blei klare, må Sogn og Fjordane fylkeskommune kutte 240 millionar kroner dei neste åra. 40 av desse millionane ligg på samferdsle, og no er ei rekkje kuttframlegg til vurdering.  Ein av framlegga for å spara inn er altså nattestenging av fylkesveg 53 Årdal-Tyin.

Under møtet i samferdsleutvalet i dag kom Arbeidarpartiet med framlegg om å flytta nattestenginga frå nivå 1 til nivå 3. Nivå 1 er lista med dei kuttframlegga som er mest aktuelle å setja ut i livet. Nivå 3 er dei minst aktuelle. Om AP hadde fått gjennom framlegget ville altså sannsynet for nattestenging ha vore mindre.

– Dei fekk ikkje fleirtal for dette i dag, men å flytta nattestenginga over på nivå tre kan så klart vera aktuelt seinare. Ingen argumenterte mot framlegget til AP, men utvalet vil altså venta med å gjera denne rangeringa, seier Distad.

Det vil seia at ein veit meir om korleis det ligg an for nattestenging av vegen i slutten av september. Saka blir likevel ikkje avgjort då. 

– Ein skal gå gjennom konsekvensane av ulike tiltak inn mot budsjettet for 2017. Mange faktorar kan spela inn i arbeidet med rangeringa, slik som inntekts- og økonomiutvikling vidare. Utvalet ønskjer naturlegvis å sikra framkommelegheit, trafikktryggleik, forsvarleg standard og vil sjå på kva som er viktigast for næringslivet.

Til toppen