UGYLDIG: Kåre Mentz Lysne (Ap) og Arbeidarpartiet ville utsetje det ekstraordinære formannskapsmøte der brakkeriggen var på sakslista på grunn av krøll med innkallinga. Dei meinte møtet var ugyldig. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
UGYLDIG: Kåre Mentz Lysne (Ap) og Arbeidarpartiet ville utsetje det ekstraordinære formannskapsmøte der brakkeriggen var på sakslista på grunn av krøll med innkallinga. Dei meinte møtet var ugyldig. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Ap ville utsetje brakkerigg-saka: – Ugyldig innkalling

Kåre Mentz Lysne og Arbeidarpartiet prøvde å få dispensasjonssaka om brakkeriggen på Borgund utsett fordi dei meinte innkallinga var ugyldig. 

Lærdal: Då det i førre veke vart sendt ut innkalling til det ekstraordinære formannskapsmøtet der dispensasjonssøknaden til brakkeriggen skulle handsamast, var det ordførar Jan Geir Solheim som kalla inn. 

På sakslista til møtet var mellom anna saka om brakkeriggen, som han er ugild i fordi han er medeigar av Høgeloft AS som er søkjar. Dette vart bemerka, og dagen etter kom ei ny innkalling, denne gongen med Gunn Beate Sjøtun (Sp) som møteleiar, eller setteordførar, sidan også vara-ordførar Trond Øyen Einemo (H) er ugild. Sjøtun vart valt som møteleiar sist saka var oppe til handsaming før jul.

– Dette er ei spesiell og stor sak for Lærdal. Difor meiner me det er viktig at ting blir handtert 100 prosent korrekt. Det må me i formannskapet passe på, spesielt overfor søkjar. Me ser at me har kome skeivt ut når det gjeld innkallinga, og det har ikkje vore eit formelt val av setteordførar. Her meiner me det burde vera ei eiga sak. Difor meiner Lærdal Ap at dette møtet er ugyldig, sa Kåre Mentz Lysne før møtet starta måndag.

RÅDFØRTE SEG: Rådmann Alf Olsen jr. fortel at han rådførte seg med fylkesmannen før det var sendt ut ny innkalling til møtte.
RÅDFØRTE SEG: Rådmann Alf Olsen jr. fortel at han rådførte seg med fylkesmannen før det var sendt ut ny innkalling til møtte.

Rådførte seg med fylkesmannen

Då hadde rådmann Alf Olsen jr. allereie innleia møtet med ei forklaring på kvifor det vart slik.

– Eg fekk spørsmål frå Ap om det var rett at ordførar kalla inn til denne saka. Det er ei interessant problemstilling, så eg rådførte meg med fylkesmannen. I utgangspunktet var det berre denne saka me hadde, og så har det kome ei drøftingssak i etterkant.

– Eg forklarte tiltaka i førre møte og det vart valt møteleiar, og eg hadde forståing av at ho fungerte som møteleiar i det neste møtet. Difor valte me at det var Sjøtun som kalla inn. Slik var mi forståing av situasjonen, og eg oppfatta at me skulle behandle saka så fort som mogleg innanfor dei rammene som gjeld nabovarsel og andre ting. Då er det spesielle habilitetsomsyn, som me har ivaretatt, forklarte han og sa at han hadde vore i kontakt med KS-advokatar for ei juridisk vurdering. 

Ugyldig innkalling

I eit notat frå 18. desember i fjor skriv rådmannen at setteomgrepet ikkje er knytt til eit politisk verv. Han skriv også at habilitet er knytt til sak og må vurderast frå sak til sak. I dette ligg det at den det gjeld må ha usikter til økonomisk vinning og fordelar knytt til eit bestemt utfall av ei sak. 

– Vårt forslag er at me ikkje ønskjer å handtere saka i dag som sak, men som ei drøftingssak. Vårt innspel er at det blir kalla inn til nytt møte tysdag der val av setteordførar blir handtert. Då får me det på sakskartet. 

Les også: – Går med augo opne inn i ei konfliktsone ved å tillate dette

– Vår gruppe er klar på at innkallinga ikkje er gyldig, la Lysne til.

Frode Myklebust (V) følte krøllen med innkallinga illustrerte heile prosessen godt.

– Eg er samd i at i akkurat denne saka er det viktig at me trår rett. Me har kome skeivt ut på hoppet, og får me eit pent nedslag, er det betre for prosessen. Dette er konfliktfylt, spesielt i Borgund, så det er viktig at me held tunga rett i munn. 

PARAGRAFAR: Starheimsæter forklarte at det er lett å gå seg vill i paragrafar og oppmoda politikarane om å rettsa blikket opp.
PARAGRAFAR: Starheimsæter forklarte at det er lett å gå seg vill i paragrafar og oppmoda politikarane om å rettsa blikket opp.

Jungel med paragrafar

Men Gro Starheimsæter (Sp) forklarte då at det er lett å seg vill i paragrafar.

– Eg merkar at jo meir me diskuterer, dess meir usikre blir me. Me må løfte blikket. Det var enkelte som var usikre på om dei skulle møte fordi det stod Gunn Beate og ikkje Jan Geir på innkallinga, men det er tydelegvis ingen som har følt seg usikre om det er møte sidan alle sit rundt bordet.

– Heller ikkje pressa har lurt på det sidan dei er her. Det essensielle er at dei som er innkalt tar ansvar. Me skal ta eit val, og det er plikta vår. Me kan problematisere rundt det eine og det andre, men eg ser ikkje at det skulle vera ein juridisk knekk om me har misforstått oppgåva vår. 

Det heile landa då på ei vurdering rundt kor mykje denne feilen ville påverke utfallet av saka, og her var Sjøtun, Starheimsæter og Myklebust samde om at møtet var gyldig. Lysne og Annike Vanberg (SV) røyste imot. 

Til toppen