APOTEKET: Prisane på munnbind går ned igjen.
APOTEKET: Prisane på munnbind går ned igjen. (Foto: Albin Olsson)

Apotek 1 set ned prisen på munnbind for tredje gong

Det kjem fram i ei pressemelding frå Apotek 1.

Sogn: For tredje gong set Apotek 1 ned prisen på kirurgiske munnbind. Ein pakke med 50 munnbind kostar no 399 kroner.

Dette gjeld alle apotek i heile landet.

Høge prisar grunna auka etterspurnad 

Prisane på munnbind har vore høge dei siste månadene, som følgje av høge innkjøpsprisar frå leverandøaene. Endra valutakurs, vareknappheit, auka frakt- og produksjonskostnadar, samt global etterspurnad har i følgje tilbydarane vore årsaka til at prisane på munnbind har auka sidan pandemien starta.

– Me er i løpande forhandlingar om innkjøpsprisane, og har igjen lukkast å få ned prisen på munnbind. Dette resulterer i at me nå set ned prisen på munnbind ytterlegare – for tredje gong. Me har den siste tida sett ein utvikling som er gunstig for kundane, og me håpar at me no kan halda prisane på dette nivået og unngå at dei stig igjen, seier kommunikasjonssjef Silje Ensrud i Apotek 1.

Apoteka blir fylt opp med munnbind fortløpande, og det er venta store leveringar dei nærmaste vekene. 

Til toppen