STENGING: Det skal vera vegarbeid på fire tunnelar på fylkesveg 53 onsdag. Biletet er frå tidlegare i haust då det var vegarbeid i Midnestunnelen. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
STENGING: Det skal vera vegarbeid på fire tunnelar på fylkesveg 53 onsdag. Biletet er frå tidlegare i haust då det var vegarbeid i Midnestunnelen. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Arbeid i fire tunnelar

Onsdag skal det vera vegarbeid i fire tunnelar på fylkesveg 53.

Årdal: Onsdag kan det vere at du må vente i opp til 30 minuttar på grunn av vegarbeid i fire tunnelar på fylkesveg 53.

Statens vegvesen skriv i vegmeldinga at dette gjeld Midnes-, Naustbukt-, Steiggja- og Timreskredtunnelane. 

Arbeidet startar 08.00 om morgonen og varar fram til 16.00 på ettermiddagen. Vegarbeidet vil føregå i ein og ein tunnel om gongen.

Til toppen